Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Tidsskrift og artiklar /

Tidsskrift og artiklar

 

Bibsys Tyr - alfabetisk liste over dei elektroniske tidsskrifta ved HVO


Generelle søketips

Når du leitar etter ein bestemt artikkel, må du først søke i Bibsys  på tittelen på tidsskriftet, t.d. Samfunnsspeilet eller Social Science Quarterly.

Du kan ikkje søke direkte på ein tidsskriftartikkel (tittel, forfattar, emne osv.) i Bibsys.

Døme på ein referanse:
Hollås, H. A. (2006). Flere i utdanning på alle nivå. Samfunnsspeilet, 20(5/6), 32-38.


Papirutgåver av tidsskrift

Nyaste hefte er ikkje til utlån, eldre hefte/årgangar kan lånast i 2 dagar. Det enklaste er likevel å ta ein kopi av det du treng.

I tidsskrifthyllene i 1. etasje finn du tidsskrifthefte for inneverande år. Eldre årgangar står anten i tidsskriftavdelinga i 2. etasje eller på magasin.

Bruk Bibsys dersom du leitar etter eit bestemt tidsskrift og ønskjer å finne ut om biblioteket har dette. Bibsys gir ein komplett oversikt over dei tidsskrifta vi har - både trykte og elektroniske.


Søk etter artiklar

Leitar du etter artiklar innanfor eit emne eller av ein bestemt forfattar? Bruk då ein av artikkeldatabasane. Du vil finne artiklar både i elektronisk og trykt format.


Søk etter norske artiklar i tidsskrift og aviser

Atekst
Ei rekkje av dei mest sentrale norske avisene finn du her i fulltekst.

Idunn
På idunn.no kan du søke på artiklar innanfor fagområda juss, pedagogikk, helse- og sosialfag, samfunnsfag, humanistiske fag, økonomi og naturfag. Her kan du lese artiklar i fulltekst frå 41 av Universitetsforlaget, Aschehoug og Gyldendal Akademisk sine tidsskrift..

Norart
Referansar (ikkje fulltekst)  til artiklar frå ca 375 norske tidsskrift og årbøker. Tverrfagleg database.

Norske aviser og tidsskrift på internett

Det digitale avisbibliotek  (digital presentasjon av ein del norske aviser i avissamlinga ved Nasjonalbiblioteket)


Aviser og tidsskrift på mikrofilm

Biblioteket har omlag 70 mikrofilma aviser og tidsskrift.  Dei fleste titlane er avslutta. Mange av tidsskrifta/avisene er tidlege norskdomsblad med tilknyting til Møre og Romsdal.


Søk etter artiklar i utanlandske tidsskrift

For aktuelle internasjonale databasar sjå databaseoversikten  vår.

DOAJ Directory of open access journals  (katalog over kvalitetsvurderte vitskaplege tidsskrift som er fritt tilgjengelege på nettet)


Litteraturovervaking (Alerts)

Mange databasar tilbyr tenester som gir deg ei løpande overvaking av litteratur innan fagområdet ditt. Dette er ein lur måte å halde seg opppdatert om ny litteratur på.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ragnhild Halsen 24.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning