Framtida sine informasjonsforvaltarar |  - Lykke til folkens!
Skriv ut Sideoversikt |  

Nettpraksis BA Info&Media / Gamle prosjekt, ikkje rediger! / Nettpraksis INF 213 / Publiserte saker / Møte mellom kulturar - nytt mastergradsstudium /

Møte mellom kulturar - nytt mastergradsstudium


Møte mellom kulturar - ny mastergrad

Kva får menneske til å bruke omgrep som ”oss” og ”dei” i møte med framande kulturar? Dette er ei av problemstillingane som blir gjort aktuell i det nye mastergradsstudiet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda.

- Kulturmøte eller møte mellom kulturar aktualiserer med ein gong 'kultur'-omgrepet: Kva er ein kultur? Dette mangetydige omgrepet kan ha å gjera med felles etnisitet, religion, språk, tradisjon/skikkar, normer for fellesskap og oppførsel - ein av desse komponentane eller to eller fleire i kombinasjonar. Brynjulv Ivar Gjerdåker, ansvarleg for den nye mastergraden, seier omskjering av jenter i Noreg i dag er truleg samlande og identitetsbyggjande sett frå somaliske og kenyanske normberarar si side, men konfliktutviklande på vår side som etniske nordmenn.

Programmet høver først og fremst for kulturinteresserte studentar med historie eller religionsvitskap som basisfag i bachelor-graden. Men det er ope også for andre med tyngdepunkt i ulike samfunns- eller humanistiske fag. Historisk institutt har i fleire år hatt mange nett-/fjernstudentar i ulike aldrar. - Også kulturmøtestudiet legg me opp slik at det skal høva både for campus- og nettstudentar, understrekar Gjerdåker.

Han fortel vidare at dette analysefeltet står i strategiplanen til HVO. Fagfolk ved Avdeling for humanistiske fag og Institutt for religion, livssyn og kristendom,  kom saman i våren 2004 og diskuterte moglegheitene for eit felles og tverrfagleg masteropplegg i kulturmøte. Innstillinga viste seg å vera positiv på begge sider og dermed vart masterprogrammet Kulturmøte unnfanga.

Eit av dei valfrie emna er kalla Brennpunkt Midtausten. Denne regionen

er møteplass for både verdsreligionar og verdssivilisasjonar, og er eit storpolitisk brennpunkt i vår tid. - Studiet er aktuelt fordi det er med på å skape ei plattform for objektiv analyse av slike kulturmøte, avsluttar Gjerdåker.

Du kan lese meir om mastergradstudiumet i studiehandboka.

Therese Brunstad



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Informasjon og media 13.02.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning