Animasjon Animasjonsutdanninga i Volda er den einaste av sitt slag i Noreg. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm), og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning.
Animation Volda
Voldastudentar med på Oscar-vinnar
|
|
Drama/teater Er du interessert i å spele teater og har lyst til å lære meir om deg sjølv og skapande prosessar, så er dette studiet for deg. Studiet er også aktuelt for dei som vil arbeide med å lage interessante og spanande undervisningsopplegg i grunn- og vidaregåande skule.
Dramastudentane viser "Fruen fra Havet"
|
 |
Friluftsliv og kroppsøving I bachelorgradsstudiet i friluftsliv og kroppsøving vert det lagt vekt på å gi studentane gode naturopplevingar, lærerike utfordringar og spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Som ramme kring opplæringa ligg den storslagne sunnmørsnaturen med hav, kyst, fjordar og steile tindar.
Basen på Yksnøya - eit eldorado for friluftsinterresterte
|
 |
Førskulelærarutdanning Førskulelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing og innsikt hos studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn på ulike nivå. Studiet er yrkesretta og praksisbasert og tek utgangspunkt i førskulelæraren sine arbeidsområde, gjeldande planar og lovverk.
|
 |
Historie, kultur og samfunn Dette studiet skal gi eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn på lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt plan, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historia alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida.
|
 |
Informasjon og media Utdanninga gir ei innføring i praktisk og teoretisk informasjonsarbeid, og skal gi kompetanse i å planleggje og gjennomføre konkrete informasjonstiltak. Dei sentrale faga er informasjon og samfunnskontakt, PR, journalistikk og medievitskap. Det er og eit viktig mål å gi studentane eit bevisst forhold til tale-, bilet- og skriftspråk. Det blir lagt til rette for spesialisering gjennom dei valfrie delane av utdanninga og for å ta delar av utdanninga i utlandet.
Etterspurd kompetanse
- Fordel med eit breitt mediemiljø
|
 |
Journalistikk Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar for aviser, fjernsyn, radio og nett. Både i NRK, TV 2 og dei største avisene arbeider det ei rekkje journalistar som har studert i Volda.
På studietur til Uganda
Nærsynet - journaliststudentane sin eigen TV-kanal
Espen Graff
|
 |
Kunst og handverk Er du interessert i skapande arbeid, undervisning og formidling, er dette studiet for deg. Studiet er retta mot kreative studentar som vil kvalifisere seg enten for skulesektoren, kunst- og kultursektoren, eller som vil utvikle seg innafor det skapande området. Vi legg vekt på at du skal utvikle di eiga form- og uttrykksevne i materiale og teknikkar i tillegg til teoretisk og didaktisk refleksjon.
Studentane viser arbeida sine
|
 |
Litteratur og kultur Studiet har ei hovudstamme av emne innanfor nordisk og engelsk litteratur. Dei litterære emna kan ein supplere med valfrie emne frå til dømes historie, mediefag og samfunnsfag. Ein kan òg kombinere litteraturstudiet med språklege emne.
|
 |
Media, IKT og design Utdanninga er eit 3-årig studieløp med fordjuping i media og IKT med vekt på design og pedagogikk. Studiet har ulike retningar der ein ut frå spesialisering kvalifiserer seg til medie- og informasjonsteknisk arbeid i skule, næringsliv eller vidare studium på mastergradsnivå. Med eit års påbygging vil studiet kunne gi undervisningskompetanse.
Lagar TV under VM i skiflyging
|
 |
Musikk Studieprogrammet inneheld m.a. desse emna: Musikkpedagogikk, musikkdidaktikk, generell instrumentalmetodikk, musikkutøving (instrumental, vokal, kor- og ensembleleiing/direksjon), dans, musikkteori, høyrelære, komponering og arrangering, musikkteknologi, musikkhistorie og musikkformidling.
Dei første med BA i musikk
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda 60 år
Bachelorkonsertar 2006
I lydstudio
Meir om symfoniorkesteret
|
 |
Planlegging og administrasjon Bachelorgradsstudiet gir deg ei innføring i samfunnvitskap, offentleg administrasjon og samfunnsplanlegging. Du får eit fagleg grunnlag til å utføre plan- og utviklingsarbeid, forvalte lover og regelverk i administrativ verksemd eller bruke geografiske informasjonssystem i planlegging og forvaltning. Sentrale fagområde i utdanninga er sosiologi, samfunnsplanlegging, økonomi, statsvitskap og jus. Utdanninga er dermed både tverrfagleg og yrkesretta.
|
 |
Språk, kommunikasjon og media Språk, kommunikasjon og media er eit 3-årig studium med hovudvekt på språklege emne. Høgskulen i Volda tilbyr emne i nordisk, engelsk og tysk språk. Språkstudiet kan rettast inn mot språkleg informasjon, språkleg kommunikasjon og språk i ulike medium. Studiet kan også innehalde emne frå til dømes litteratur (norsk, engelsk og tysk), historie, mediefag, IKT, pedagogikk og samfunnsfag.
|
 |
Sosialt arbeid: barnevernspedagog/sosionom Sosionom- og barnevernspedagogutdanninga er yrkesretta studium. Dette inneber at utdanningane skal førebu og gi eit nødvendig grunnlag for praktisk yrkesutøving. I studieprogramma vert det lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar.
|
 |
| |
|
Lærarutdanning Allmennlærarutdanning Allmennlærarutdanninga er i hovudsak sikta inn mot pedagogisk arbeid i grunnskulen og mot undervisning av vaksne i grunnskulefag. Utdanninga er sett saman av pedagogikk, praksisopplæring og sentrale grunnskulefag der fagstudium er kombinerte med fagdidaktikk. Utdanninga skal fremje studentane si personlige utvikling og yrkesetiske haldning, utvikle evne til refleksjon og vekkje interesse for fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid som er relevant for arbeid i skulen.
Lærarstudentane om kvifor dei valde Volda som studiestad
Spennande praksis i Kenya
|
 |
Førskulelærarutdanning Barnehagen vert av mange sett på som sjølve porten til kunnskapssamfunnet, og utdanning som førskulelærar vil såleis vere eit godt val for deg som ynskjer å arbeide innanfor dette feltet.
|
 |
Praktisk-pedagogisk utdanning Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) gjer det mogleg for studentane å setje saman si eiga lærarutdanning. Studiet skal kvalifisere studentar som har fullført ulike fagstudium for læraryrket. Denne lærarutdanninga byggjer på fagstudium frå universitet og høgskular eller på ei yrkesutdanning med yrkesteori og praksis frå yrkeslivet.
|
 |