|
HISTORIKK 1990 - 1999
Skipinga 17. september 1990
FAMR vart skipa 17.09.90 som eit prosjekt under Møreforsking Volda med lokale i Hans Strøm-huset ved Høgskulen i Volda. Dette er framleis husværet til arkivet.
Leiinga av prosjektet
FAMR vart leia av ei prosjektgruppe med Jon Tvinnereim som leiar, underordna ei styringsgruppe på fire medlemar med Henry Vike som formann. FAMR som prosjekt vart avslutta 21.06.1996.
Dagleg leiar. Sekretær
Jostein Fet vart engasjert som dagleg leiar av arkivet. Berit Hatlestad vart tilsett som sekretær i 2/5 stilling frå november 1990. Ho slutta i stillinga 31. august 1997 etter å ha hatt eitt års permisjon. Frå og med september 1996 til og med desember 2000 arbeidde Jostein Fet åleine på arkivet. Han vart løna på timebasis innanfor ramma av tildelte driftsmidlar.
Finansiering. Rekneskap m.m.
Møre og Romsdal fylkeskommune gav midlar til startfinansiering og har seinare ytt årlege løyvingar. Frå 1. januar 1996 kom FAMR inn under museumsløyvingane på fylkeskulturbudsjettet. Som følgje av dette vart FAMR avslutta som prosjekt (vedtak 21.06.96). Distriktshøgskulen i Volda, Lærarhøgskulen i Volda og Møreforsking Volda gav også eingongsløyvingar ved starten. Distriktshøgskulen (seinare Høgskulen i Volda) syter for infrastruktur (lys, varme, telefon o.a.) mot visse gjenytingar frå FAMR side.
Møreforsking Volda tok seg av rekneskap og revisjon til og med 31.12.98. Frå og med året 1999 har FAMR hatt eigen rekneskapsførar og revisor.
FAMR omgjort til stifting 1999
Den 10.10.1996 vart det vedteke å gjere FAMR til ei stifting. Stiftinga vart endeleg skipa i eit utvida styringsmøte 25. mars 1999. Stiftinga består av fem deltakande partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal. Namnet er Stiftinga Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Stiftingskapitalen er på kr. 27.000, med differensierte innskot frå kvar av dei fem partane. Det er blitt utarbeidd vedtekter for stiftinga, og det er inngått ein samarbeidsavtale mellom FAMR og Høgskulen i Volda, godkjend av KUF i brev av 8. mars 1999. Ifølgje vedtektene har stiftinga eit styre og eit råd (sjå pkt. 1.0 nedanfor).
1.0 STYRINGSORGAN OG MØTEVEDTAK
1.1 Styret
Dei fem samarbeidande partane i stiftinga har peika ut desse medlemane av styret:
For Fylket: Aud Karlsbakk, Ålesund. Vara: Leikny Aasen, Ålesund.
For Høgskulen i Volda: Ivar Torvanger, Volda. Vara: Bård Dahle, Ørsta.
For Møreforsking Volda: Jon Tvinnereim, Volda. Vara: Randi Bergem, Volda.
For Møre og Romsdal Folkemusikklag: Dagfinn Nupen, Ørsta. Vara: Hans Lefdal, Ørsta.
For Noregs U.l. i Møre og Romsdal: Kristin Osvoll Skodjevåg, Skodje. Vara: Live Karin Liaskar,Volda.
Styreleiar er Jon Tvinnereim, nestleiar er Aud Karlsbakk. Sekretær: dagleg leiar Jostein Fet.
1.2 Rådet
For Fylket: Veslemøy Hungnes, Vestnes. Vara: Eva Kolås, Ørsta.
For Høgskulen i Volda: Frode Birkeland, Volda. Vara: Kirsten Hundvebakke, Volda.
For Møreforsking Volda: Jon Olav Myklebust, Volda. Vara: Grete Mattland Olsen, Volda.
For Møre og Romsdal Folkemusikklag: Idar Mjånes, Volda. Vara: Olav P. Hjelvik, Vågstranda.
For Noregs U.l. i Møre ig Romsdal: Haldis Mork Standal, Volda. Vara: Sven Ivar Skodjevåg, Skodje.
Rådsleiar er Frode Birkeland, nestleiar Idar Mjånes. Sekretær: dagleg leiar Jostein Fet.
1.3 Styremøte i 2000
Det er blitt halde styremøte den 16. februar og den 12. mai. Av saker som er blitt handsama, kan nemnast:
Registrering og sikringskopiering, innkjøp av nye maskinar, utarbeiding og utgjeving av eit førstelineregister i vokalstoffet, rekneskaps- og revisjonsordninga. Dessutan er det blitt halde fleire uformelle arbeidsmøte mellom styreleiar Tvinnereim, rådsleiar Birkeland og dagleg leiar Jostein Fet.
1.4 Årsmøte 29. mars 2000
Årsmøtet er eit sammøte mellom representantar frå styret og rådet. Frå styret møtte Jon Tvinnereim, Aud Karlsbakk, Dagfinn Nupen, Ivar Torvanger, frå rådet Frode F. Birkeland, Eva Kolås. Til møtet låg føre årsmelding og rekneskap for 1999 og budsjett for 2000. Frå dei fem partane i stiftinga låg det ikkje føre framlegg om andre representantar til råd og styre for komande valperiode. Samansetninga av desse to organa blir såleis uendra fram til årsmøtet i år 2002, men årsmøtet i mars 2001 vil ta opp spørsmålet om har bruk for eit råd.
1.5 Frode Birkeland tilsett som ny dagleg leiar 12. mai 2000
På styremøtet 16. februar opplyste Jostein Fet at han ville slutte som dagleg leiar til sommaren. Engasjementet vart utlyst i Spelemannsbladet 2/2000. Då søknadsfristen gjekk ut den 28. april 2000, hadde det meldt seg to søkjarar. På styremøtet den 12. mai s.å. vart Frode Følling Birkeland samrøystes tilsett som dagleg leiar for FAMR for perioden 1. sept. 2000 til 1. sept. 2004, med høve til fornying av engasjementet utover dette tidspunktet.
Frode Birkeland er fødd i 1934, er utdanna cand. philol. med norsk som hovudfag. Ein viktig kompetanse i høve til aktuelle oppgåver ved FAMR har han tileigna seg gjennom arbeidet som hovudbibliotekar ved Norges Handelshøgskole og Distriktshøgskulen i Møre og Romsdal, seinare Høgskulen i Volda. Her har han fått omfattande røynsle med databasert systematisering, arkivering og tenesteyting.
I 1989 tok han viktige initiativ til å få skipa Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Birkeland er aktiv folkemusikar (fele) og er formann for Sunnmøre Spelemannslag. Han er ein nøkkelperson i arbeidet for å stimulere bruken av folkemusikk og folkedans. Han har delteke i mange kappleikar og har vist seg som ein dugande administrator for kurs og kappleikar.
Birkeland takka ja til engasjementet, men fekk etter søknad utsetjing med å byrje i arbeidet til 1. januar 2001. Jostein Fet har difor halde fram som leiar ut året 2000.
2.0 MØTE, SEMINAR OG KONFERANSAR DER FAMR HAR VORE REPRESENTERT
Folkemusikkarkivet har vore representert på desse arrangementa:
2.1 Norsk Folkemusikklag
Dagleg leiar Jostein Fet møtte til årsmøtet 11.02. - 13.02. i Bergen.
2.2 Møre og Romsdal Folkemusikklag
Dagleg leiar Jostein Fet møtte til årsmøte og seminar 26.02. - 27.02. på Batnfjordsøra.
2.3 Rådet for folkemusikk og folkedans
Styreleiar Jon Tvinnereim møtte til arkivseminar 15.03. - 17.03. i Trondheim.
2.4 Museumsstafetten for Sunnmøre
Dagleg leiar Jostein Fet møtte og deltok på tilstellinga 18.06. på Brudavollen i Ørsta. Hovudtemaet var folkemusikk på Søre Sunnmøre.
2.5 Lydkonferanse i Bergen
Påtroppande dagleg leiar Frode Følling Birkeland møtte på konferansen 26.09. - 27.09. i Bergen. Temaet var bevaring og registrering av musikalsk lydmateriale. Der var deltakarar frå ulike greiner av norsk musikkliv.
3.0 INFORMASJON OM FAMR
3.1 Dagleg informasjon
blir gitt gjennom korrespondanse, telefonsamtalar m.m. med folk som søkjer opplysningar om materiale, arbeidsområde, finansiering m.m.
3.2 Vitjing av kommunale kulturadministratorar
Den 10. november 2000 hadde FAMR vitjing av representantar frå kulturetaten frå Søre Sunnmøre. Jostein Fet heldt ei orientering om arkivet, om historikken, samlingane, tenesteyting m.m.. Ingunn Linge Valdal, som samtidig vitja FAMR for studieføremål, spelte to slåttar frå Indre Sunnmøre.
4.0 UTSENDING AV TEKST-, NOTE- OG LYDMATERIALE
4.1 Tekstar, litteratur
Om kvedaren Magnhild Almhjell (1894 - 1985) frå Tingvoll:
Litteratur og opplysningar til musikkstudent Jorunn Lovise Husan, Høgskulen i Volda.
Om spelemennene Ola (1854 - 1944) og Ivar (1868 - 1914) Kjellstad frå Sunnylven:
Notar og litteratur til Sigrid Løkken, Våle.
Om og av Per Bolstad (1875 - 1967)
Sendt ymist kjeldemateriale til spelemannen og folkemusikkhistorikaren Arne Sølvberg, Stryn.
4.2 Notar
Per Bolstad-samlinga ved FAMR:
Spelemannen Arne Sølvberg vitja FAMR og studerte delar av det rike Per Bolstad-arkivet.
Notestoff frå FAMR til innøving og framføring
FAMR samarbeider med spelemannslag og einskildpersonar når det gjeld å finne fram til slåttar og melodiar som høver til framføring. Slik blir delar av materialet frå FAMR nytta som innslag på tilstellingar og kappleikar. Dagleg leiar er med i Sunnmøre Spelemannslag og har hovudansvaret for å leite fram stoff. Som døme frå år 2000 kan ein nemne Distriktskappleiken på Løten 1. - 3. sept. der Sunnmøre Spelemannslag og ein medlem deltok med slåttar og melodiar frå arkivet. Like eins har medlemar av Spelemannslaget Dåm og Drag i Vestnes fått tilsendt stoff for framføring. Jostein Fet hadde også soloinnslag på fylkeskappleiken i Eide 28. - 29- oktober, med slåttar frå arkivet.
Sunndalsslåttar
Øystein Sandbakk frå Sunndalen, no Raulandakademiet, er på jakt etter sunndalsstoff. Dessverre finst lite ved arkivet. Han blir vist til Rådet for folkemusikk og folkedans, Trondheim.
Slåttar frå Jøsvoldsamlinga
Folkemusikaren Ingunn Linge Valdal har vitja FAMR og leita i den nyleg innkomne Jøsvoldsamlinga etter høvelege slåttar og lytta til lydopptak av sykkylvsspelemenn. Fekk note- og lydkopiar frå arkivet. Seinare er det sendt ca. 400 slåttar frå Peter Jøsvolds notesamling til spelemannen Leiv Arne Nydal, Hareid, og like eins mange slåttar til spelekvinna Marie Skavnes, Vestnes.
Brudemarsjar til bryllaup
FAMR får ofte spørsmål om vi kan skaffe stadeigne brudemarsjar til bryllaup. Det er ofte utflytta folk frå Møre og Romsdal som ønskjer desse folkemusikalske innslaga. Brudemarsjane er frå ulike kantar av fylket. Dei siste åra har det vore ein klår tendens til at folk ved brudevigsle heller vel brudeslåttar frå folkemusikken framfor "klassiske" som t.d. Mendelsohns. Like eins blir det ofte framført religiøse folketonar ved gravferder.
Temamelodi til Medmenneske av Olav Duun
Jostein Fet har teke på seg å velje ut og spele ein folketone som temamelodi til ei dramatisering av Duuns Medmenneske. Dramaet skal framførast av sosialfagseksjonen ved HVO til våren 2001. Regi: Ragnhild Vannebo. Valet fall på ein folketone frå Stordal, "Nu rinder solen op".
4.3 Lydopptak
Spelemannen Johan Hagen, Gudbrandsdalen: Kassett med opptak på ein kappleik på Midøya 1956, til Erik Bjørke, Hundorp.
Per Bolstad-opptak i kopi til Arne Sølvberg, Stryn.
Feleverket: Eldre spelemenn frå Møre og Romsdal
Olav Sæta vitja arkivet10. - 11.okt. i samband med at han arbeider med prosjektet "Feleverket". I dette prosjektet er det utgjeve fleire band med slåttar frå flatfeleområdet i landet. Det siste bandet er for Nordfjord, og no er turen komen til Møre og Romsdal. Ved sida av samlingane ved Rff-senteret i Trondheim og Norsk folkemusikksamling blir FAMR ei viktig kjelde for "Feleverket". I samsvar med avtale har dagleg leiar fylt fire kassettar (speletid 360 min.) med opptak av eldre spelemenn i fylket og sendt til Sæta. Lydstoffet blir så transkribert til notar for deretter å trykkast i bok.
Opptak av Nils Bakke (1887 - 1969)
Spelemannen Nils Bakke levde i Romsdal og på Nordmøre. Han var av taterfolk. Det er aukande interesse for musikken til dei reisande. Ein kassett med opptak av Nils Bakke med div. tekstar er sendt til Arne Fredriksen, Kongsberg.
5.0 FOREDRAG OM FOLKEMUSIKK, MED TRADISJONSSPEL. RADIOPROGRAM
5.1 Foredrag, kåseri med speleinnslag
Fortidsminnelaget for Volda: Jostein Fet heldt foredrag 23.03. om folkemusikken på Søre Sunnmøre. Med lydillustrasjonar. Stad: Vertshuset "Ramoen", Vartdal.
Museumsstafetten for Søre Sunnmøre på Brudavollen i Ørsta: Jostein Fet heldt foredrag 18.06. om folkemusikken i Ørsta. Slåttespel av Halkjelsvika Spelemannslag og Jostein Fet, folkedans ved Dansefantane og kveding av Live Karin Liaskar. Tilstellinga var i regi av Brudavollen (bygdemuseet i Ørsta) og Sunnmøre Museum.
Kulturdagane i Stordal: Jostein Fet heldt foredrag 27.08. om folkemusikken i Stordal og spelte slåttar frå Storfjord-området saman med med Ingunn Linge Valdal. Tilskipinga var ved Stordal bygdetun og hadde tittelen "Giv mig Lyd, saa vil jeg sjunge" (frå Niels Olsen Svee).
Dalsfjord grendahus, Volda: Jostein Fet heldt foredrag 29.09. om folkemusikken i Volda, med spelillustrasjonar.
FAMRs 10-årsjubileum: På festmiddagen i Ivar Aasen-tunet 5. des. 2000 fortalde Jon Tvinnereim, Frode Birkeland og Jostein Fet om historikken og arbeidet i arkivet, og spelte slåttar frå arkivsamlingane.
5.2 Radioprogram
Radio Volda: Jostein Fet vart intervjua av Linn Bølstad om bl.a. folketonar til salmar av Berte Canutte Aarflot (1795 - 1859).
NRK P2: Jostein Fet var med i programmet "Julekveld i folkemusikkstudio" ved Lisa Halvorsen og Leiv Solberg den 24.12.00. Lisa Halvosen vitja FAMR og gjorde råopptak 1. des. og fekk også med seg ein del eldre songopptak. Programmet vart sendt på nytt ei veke deretter. Stoff frå FAMR vil også bli nytta i eit folkemusikkprogram som skal sendast våren 2001.
6.0 SKRIFTER FRÅ FOLKEMUSIKKARKIVET FOR MØRE OG ROMSDAL
6.1 Fet, Jostein: Folkemusikken i Møre og Romsdal. Historikk. 190 slåttar og melodiar. Skrift nr. 1 frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Volda 1999. 296 s. ill., mus. Opplag: 800.
Pr. 31.12.00 er det selt/levert ut 548 eksemplar fordelt på 310 kjøparar. Prosentvis fordeler eksemplara seg slik geografisk:
Sunnm Romsd Nordm Vestl Tr.lag/Nord-Norge Austlandet Utland
53.1% 18.8% 9.5% 6.9% 4.0% 7.1% 0.6%
To eksemplar har gått til Sverige, eitt til Tyskland.
6.2 Mellom springdansar og salmetonar. Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal 1990 - 2000. Eit jubileumsskrift ved Frode F. Birkeland , Jostein Fet og Jon Tvinnereim. Skrift nr. 2 frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. 25 s. A4-format. Desember 2000.
6.3 Fet, Jostein: "Jøsvold-samlingane i hus!", artikkel i Folkemusikkbladet nr. 2, desember 2000.
6.4 Fet, Jostein: "Jøsvoldsamlingane. Unike folkemusikksamlingar ved Sunnmøre Museum og Norsk Musikksamling", artikkel i Gavlen 2000. Utgitt av Sunnmøre Museum. S. 8 - 11. Desember 2000.
7.0 LITTERATUR- OG STUDIESAMLING
trykt og i handskrift, som er innlemma i arkivet i år 2000. Forkortingar: hs = handskrift. NM = Norsk Musikksamling, Nasjonalbiblioteket avd. Oslo.
Andresen, Harald: Sang- og viseregister. Universitetsbiblioteket i Oslo, 1979.
Bjørnstad, Fred Ola: Frå munn og flatfele. Tradisjonell folkemusikk frå Nordmøre i vår tid. Teksthefte til 2 CD-plater med innsamla folkemusikk frå Nordmøre. Høgskolen Stord/Haugesund 1999. Gåve frå forfattaren.
Handlingsplan for folkemusikk og folkedans. Januar 1995. Gåve frå Jostein Fet.
Jøsvold, Peter: Biografier [over 16 lokale spelemenn og 2 visediktarar.] (hs) Kopi frå NM. u.å.
Jøsvold, Peter: Bryllupsskikke i Stordal, Søndmøre (hs). 25 s. Kopi frå NM. u.å.
Kvandal, Lilleba Lund: Norske folkeviser gjennom tusen år. 2000 (tr). Innkjøpt.
Norsk Folkemusikklag (utg.): De reisendes musikk. Skrift nr. 13, 1999. Oslo 2000. Tilsendt.
Nysæter, Egil: Norske arkivkatalogar. Riksarkivet, Oslo. 1992. Innkjøpt.
Samkatalog over bibliotek i Noreg. Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo. 2000. Gåve frå NB avd. Oslo.
Sevåg, Reidar og Olav Sæta (red.): Slåtter for vanlig fele. Nordfjord 3. Oslo 1995. Gåve frå Olav Sæta.
Aarset, Terje: Salmen frå Vartdal (u.å.). Manus, maskinskrift. Gåve frå Jostein Fet.
8.0 TILVEKST TIL NOTEMATERIALET
Forkortingar: tr = trykt, hs = handskrift. NM = Norsk Musikksamling, Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo.
8.1 Alfabetisk oversyn
Berge, Per: Ord og tonar. Per Berge 85 år. Utg. Voss spelemannslag. 1972 (tr). Gåve frå Jostein Fet.
Bolstad, Per: 40 lette bygdeslåtter for 2 fioliner (med gitarbesifring) (u.å.) (tr). Gåve frå Jostein Fet.
Bolstad, Per sn.: Slaatter fra gamle dage for fele. (Av P.M. Bolstads samling.) 1928 (tr). Gåve frå J. Fet.
Bolstad, Per sr. : Lette Bygdeslaatter for Piano av ... 1ste Hefte. 1928 (tr). Gåve frå Jostein Fet.
Bjørndal, Arne: Slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre (hs). Kopi frå NM.
Elling, Catharinus: Kladdoppskrifter i arbeidsbok nr. 28 (hs). Kopi frå NM.
Horvei, Reidun: Folkesongar i Hordaland.Samlaget. 1998 (tr). Innkjøpt.
Jøsvold, Peter: Notesamlingar ved Norsk Musikksamling og Sunnmøre Museum, sjå 8.2 nedanfor.
Moen, Ruth Anne (red.): Den yndigste Rose. Julesalmar frå arkivet. 1999 (tr). Innlagd CD. Innkjøpt.
Nymo, Johan: Spelemenn og spelemannsarv i Målselv. 1982 (tr). Gåve frå Jostein Fet.
Oppskrift av gjetarvise frå Ørsta: "Opp i Hakkedala" (Olav Aarflots samling). (hs)
Pohlens, Hr. Musicus: Norske Folkemelodier medbragte fra Bergen i 1849 (hs). Kopi frå NM.
Ryssdal, Ola: Kopi av oppskrifter frå Møre og Romsdal ved NM:
13 slåttar etter Knut Støle, Stordalen (hs).
Slåttar etter Ola Kvande (hs).
Springdansar etter Per Bolstad (hs).
[Melodiar frå Nordfjord og Sunnmøre] (hs).
[Folketonar frå Nordmøre] (hs).
[Religiøse folketonar frå Nord-Vestlandet] (hs).
Sandvik, O.M.: Delar av manus til boka hans om religiøse folketoner. Kopi frå NM.
Sevåg, Reidar og Olav Sæta (red.): Slåtter for vanlig fele. Nordfjord 3. Oslo 1995. Gåve frå Olav Sæta.
Thomsen, Kjell: Tonar frå Møre og Romsdal og Hordaland. Utg. Fanatonar [2000] (tr). Gåve frå forf.
Vadseth, Per Bj.: Danser i nyere stil. Hefte nr. 12. Ålesund 2000. (tr) Innkjøpt.
Vollset, Sigurd: 13 melodiar, for det meste eigne komposisjonar. Tilsendt av Henry Vike (hs).
Aarflot, Olav: Gjætarvise (hs). Gåve frå Olav Aarflot, Volda (+).
8.2 Jøsvoldsamlingane
Musikkløytnant Peter Jøsvold (1865 - 1953) frå Stordal fekk musikkutdanninga si i Trondheim og tenestegjorde som militærmusikar og instruktør i Trondheim, Tromsø og i Halden. Som pensjonist busette han seg i Ålesund i 1928. Med bakgrunn i det rike folkemusikkmiljøet i barndomsheimen og i Stordal elles byrja han tidleg å samle gamle visetonar og slåttar, men særleg skaut dette arbeidet fart etter at han gjekk av med pensjon. Mykje av materialet arrangerte han for janitsjar, strykarar eller for kor. Berre ein brøkdel av tilfanget hans vart trykt. Ein del av dei handskrivne samlingane gav han til Universitetsbiblioteket i Oslo i 1941, ei endå større samling skjenka han om lag samtidig til Sunnmøre Museum, der materialet hans fyller 48 store kassettar.
Det store omfanget til Jøsvoldsamlingane har vore lite eller ikkje kjent før Jostein Fet ved FAMR byrja skaffe seg oversikt over materialet. Den 5. - 7. juni 2000 var han ved Norsk Musikksamling og kopierte det stoffet som var mest aktuelt, og den 6., 7., 8., 12. sept. og den 13. okt. var han ved Sunnmøre Museum og sikra seg kopiar av materialet der. Ved begge institusjonane møtte han hjelpsemd og velvilje.
Materialet ved NM skil seg noko ut frå tilfanget ved SM med di Oslo-samlinga har eit større innslag av runddansmusikk, særleg frå Trøndelag, der Jøsvold heldt seg i mange år. Grunnen kan vere at Jøsvold tok sikte på å få delar av dette materialet trykt for ein større marknad. Sunnmørs-samlinga ber meir merke av lokalt vise- og slåttetilfang, særleg frå Stordalen.
Særleg innanfor Sunnmørs-samlinga er der ein god del overlapping. Same melodien kan finnast notert i ulike tonearter eller arrangement. Men nettotalet på melodiar er likevel stort, og mange av slåttane og folketonane finn vi berre hos Jøsvold, ser det ut til. Samlingane krev nærare gransking før ein har oversyn over proveniens, variantforhold osv.
8.21 Kopi av Jøsvoldsamlinga ved NM
Dansemusikk i gammel stil for violin I-III (hs).
Folkemusikk. Nedtegnet i Stordal, Søndmøre og bearb. H. I. u.å. (tr). (Original.) Gåve frå NM.
Gamle melodier til religiøse tekster (hs).
Gamle melodier til tekster av blandet innhold (hs).
Kulokk, arr. for piano (hs).
Melodier til bryllupssange med mere (hs).
Springartrall, arr. for damekor (hs).
Springdanse (hs).
To brudemarsjar frå Sunnmøre, arrangert for hornmusikk (?) (hs).
8.22 Kopi av Jøsvold-samlinga ved Sunnmøre Museum
Gamle melodier [8 samlingar] (hs).
Gamle sange (hs).
Gamle bryllupssange (hs).
Forskjellige melodier, til dels gamle (hs)
Vuggeviser og bånsuller (hs).
[Speidde melodiar, viser og dansar] (hs).
Folketonar frå Stordalen I - II, delvis arrangerte.
Norske barnerim med harmoniserte melodier (hs).
Brudemarsjer og springdanse (hs).
[Slåttar frå andre kantar] (hs).
Dansemusikk [8 samlingar] (hs).
Gamle danse for fele (hs).
Brudemarsjer, Hallinger, Gallopper (hs).
Springdanse og brudemarsjer, arr. (hs).
Dansemusikk som blev brukt ved brylluper og dansemoroer (hs).
8.3 Tabell over tilveksten av notar 2000
tr = trykt, hs = handskrift
Tittel/utgjevar Instr. Vokal Sum Geografisk fordeling
Sunn Roms Nordm Andre
Berge, Per: Ord og tonar (tr) 5 5 5
Bjørndal: Slåttar (hs) 24 24 6 18
Bolstad: 40 lette bygdeslåtter (tr) 40 40 40
Bolstad: Slaatter fra gamle (tr) 15 15 15
Bolstad: Lette Bygdeslaatter (tr) 8 8 8
Elling: Arbeidsbok nr. 28 (hs) 8 32 40 35 5
Elling: Arbeidsbok nr. 28 (hs) 6 34 40 40
Horvei: Folkesongar i Hordaland (tr) 108 108 108
Moen: Den yndigste rose (tr) 31 31 31
Nymo: Spelemenn og sp.arv (tr) 161 31 192 192
Pohlens: Norske Folkemel. (hs) 8 8 8
Ryssdal: Slåttar etter K. Støle (hs) 13 13 13
Ryssdal: Slåttar etter Ola Kvande 37 37 37
Ryssdal: Springd. etter P. Bolstad 10 10 10
Ryssdal: Frå Nordfjord og Sunnm 5 10 15 4 11
Ryssdal: Frå Nordmøre (hs) 1 25 26 26
Ryssdal: Frå Nord-Vestlandet (hs) 32 32 32
Thomsen: Tonar frå ... (tr). 13 7 20 2 1 1 16
Sandvik: 7 rel. folketoner (hs) 7 7 7
Vadseth (tr) 19 19 19
Sevåg og Sæta: Slåtter. Nordfj (tr) 439 439 439
Vollset (hs) 13 13 13
Aarflot, Olav (hs) 1 1 1
Sum 825 318 1143 200 19 64 860
Instr Vokal Sum Sm Rd Ndm Andre
Jøsvold-samlinga ved NM:
Jøsvold: Dansemusikk I-III (hs) 485 485 200 19 266
Jøsvold: Folkemusikk (tr) 10 10 10
Jøsvold: Gamle melodier til rel. (hs) 83 83 83
Jøsvold: Gamle melodier til bl. (hs) 128 128 128
Jøsvold: Kulokk (hs) 1 1 1
Jøsvold: Mel. til bryll.sange (hs) 29 29 29
Jøsvold: Springartrall (hs) 1 1 1
Jøsvold: Springdanse (hs) 123 123 55 2 14 52
Jøsvold: To brudemarsjar (hs) 2 2 2
Sum Jøsvold NM 610 252 862 509 21 14 318
Jøsvold-samlinga ved SM:
Gamle melodier (hs) 1 365 366 361 1 4
Gamle sange (hs) 15 15 15
Gamle bryllupssange (hs) 5 45 50 33 15 2
Forskjellige melodier (hs) 218 218 212 1 1 4
Vuggeviser og bånsuller (hs) 5 5 1 3 1
[Spreidde melodiar og dans] 8 10 18 12 1 5
Folketonar frå Stordalen (hs) 2 243 245 241 2 2
Norske barnerim (hs) 18 18 16 2
Brudemarsjer og spr.danse (hs) 25 1 26 26
[Slåttar frå andre kantar] (hs) 21 1 22 5 17
Dansemusikk (hs) 446 446 213 9 224
Gamle danse for fele (hs) 12 12 11 1
Brudemarsjer, Hall., Gall. (hs) 67 67 20 2 1 44
Springdanse og brudem. (hs) 4 4 4
Dansemusikk til bryll. (hs) 39 39 39
Sum Jøsvold SM 630 921 1551 1209 12 24 306
Sum tilvekst av notar dette år 2065 1491 3556 1918 52 102 1484
9.0 TILVEKST TIL LYDMATERIALET
Interne og eksterne opptak .
9.1 Alfabetisk oversyn
Alexandersen, Hilmar: Hjartespel. 1984 [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1546.
Bjørgum, T. og H.: Skjoldmøyslaget. Faremoslåttar frå Setesdal. 1990. [Gåve frå J.F.]. Ks 1548.
Bjørnstad, Fred Ola: Frå munn og flatfele. Tradisjonell folkemusikk frå Nordmøre i vår tid. 2 CD-ar med teksthefte. Stord 1999. CD 1502.
Bolstadensemblet: "Blomsten i Stryn". Heilo. 2000 [Gåve frå Arne Sølvberg] CD 1581.
Brunstad, Sissel: Gamle spelemenn i Sykkylven. 1984. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1540.
Brunstad, Sissel: Om spelemannen Gamle-Hjortdalen. Velledalen Spml. 1984. [Gåve frå J.F.] Ks 1541.
Buen, Hauk og Knut: Slåttar på Myllarfela. Buen Kulturverkstad. 1991. [Gåve frå J.F.] Ks 1567.
Buen, Knut: Der og da. Knut Buen live 1965 - 98. Sogespel 2. Buen Kulturverkstad. 1999. CD 1562.
Buen, Knut: NRK-program om Lars Fykerud 09.01.1983. Kopiert til kassett 1577.
Bukkene Bruse: Steinstolen. [Annbjørg Lien, Ole Bjørn Rasch, Steinar Ofsdal, Arve Moen Bergset.]. Grappa 1998. CD 1563.
Fedt, Arne: To gamle velledalsslåttar. Instruksjon. Privatopptak 1982. [Gåve frå J.F.] Ks 1536.
Firdakvartetten. "På Honndalsvis". Slåttar av og etter Lars Hjellbakk.[Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1569.
Flagstad, Kirsten: Gamle opptak frå radio. [Gåve frå J.F.] Ks 1570 (jf. Meland)
Føyk: Kraaka.. [Føyk består av Tone Fedt, vokal; Skram, tangentar og vokal; Kenneth Ekornes: perkusjon og vokal.]. Grappa Musikkforlag. 1999. CD 1501.
Hole, Hanna K.: "Bødasviså". Opptak ved Helge Ramstad 25.04.1979. Ks 1576.
Horvei, Reidun: Folkesongar i Hordaland. 2 CD-ar vedlagde boka (sjå notar). Tilvekstnr. ....
Landskappleiken på Geilo 1986. Kopi av NRK-opptak. [Gåve frå J.F.] Ks 1565.
Lien, Annbjørg: Kjellstadslåttar. 1988. [Gåve frå J.F.] Original ks 1549. Kopi ks 431.
Lien, Annbjørg: Felefeber. 1994. [Gåve frå J.F.] Orig. ks 1550. Kopi ks 966.
Lundeng, Susanne: Havella. Slåtter fra Nordland. 1991. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1572.
Meland, Halldor. Ei samling gamle opptak. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1570.
Moen, Ruth Anne (red.): Den yndigste Rose. Julesalmar frå arkivet. CD 1521.
Nordfjordspel I. Spelemannslaga i Nordfjord. 1989. [Gåve frå Jostein Fet] Ks 1551.
NRK, P2: "Juli folkemusikkstudio". Med bl.a. Jostein Fet. Sendt 24.12.00. ks 1255, kopi.
Nupen, Dagfinn: 9 setermelodiar frå Høydalen. Opptak 17.03.99, Reg. 06.01.01.
Påskesalmar. Kopi av NRK-program frå 1950- og -80-åra [Bykle kyrkjelyd, B. Berland, S. Bratland.] [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1538.
Rygg, Leif og Knut Hamre: Nøringen. 1980. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1573.
Skjervheim, Lars : Slåttespel. Kopiert frå radioprogram. 1983.[Gåve frå J.Fet] Ks 1557 og 1568.
SKRUK: Klenodier. Dir. P.O. Hildre. 1985. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1535.
Sogn, Aage: Aage Sogns orkester med Annbjørg Lien. 1989. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1547.
Storm-Mathisen, Jon: Kjøkemeistervise etter Nils Leirvik (1896-1982), Tjørvåg, Herøy. Ks 1578
Sunnmøre Spelemannslag II og Stranda Spelemannslag: Slåttar frå Sunnmøre og Nordfjord. Ved Rolf Myklebust, NRK. Kopi av opptak frå 1977. Gåve frå Astrid Aurdal Hausvik, Sykkylven.
Svee-songar. Arr. Henning Sommerro. Opptak i Trondheim 1986. [Gåve frå J.Fet.] Ks 1564.
Sølvberg, Arne M.: Kølagutspringarar. Opptak med kommentarar [avgrensa klausul]. 1987.
Gåve frå Jostein Fet. Ks 1539.
Sølvberg, Arne M.: Nordfjordslåttar i trad. etter Jon Rosenlid og Samuel Bergset. Grappa 1998. CD 1524.
Thomassen, Rakel: Opptak av Jakob Nordal, Syvde. Kjøkemeisterviser o.a. (1950-åra). Kopi på ks 1574.
Tomasgaard, Ragnar: Lokal instr.kassett i folkemusikk på fele til notehefte 1 og 2 (1980-åra). Ks 1575.
Tomasgaard, Ragnar: Lokal instr.kassett i folkemusikk på fele til notehefte 2 og 3 (1980-åra). Ks 1543.
Valldal Spelemannslag: Tonar mellom høge fjell. 2000. [Gåve frå Valldal Spml]. CD 1582.
Vatne, Peder P.J.: Songar og viser, munnl. trad. Opptak ved Øystein Hovland. Ks 1504A og B.
Viken, Arne: "Slik jeg lærte det." 1980. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1537.
Vigdal, Ragnar: "Det vårast på ny" [vekkingssongar]. u.å. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1571.
Vigdal, Ragnar: Fedrearv. 1980. Ks 1556.
Widnes, Marie Lovise: Viser og regler. Privat opptak jan. 1987. [Gåve frå Jostein Fet.] Ks 1566
9.2 Tabell over tilvekst av lydmateriale 2000
Tittel/utgjevar Instr. Vokal Sum Geografisk fordeling
Sunn Roms Nordm Andre
Alexandersen 36 36 36
Almhjell, Magnhild 1 1 1
Bjørgum, H. og T. 29 29 29
Bjørnstad, Fred Ola 30 102 132 132
Bolstadensemblet 20 1 21 20 1
Brunstad: Gamle spm 7 7 7
Brunstad: Gamle-Hjortd 8 8 8
Buen: Om Lars Fykerud 8 8 8
Buen: Myllarfela 22 22 22
Buen, Knut: Der og da. 20 20 20
Bukkene Bruse: Steinst 8 6 14 3 11
Fedt, Arne 2 2 2
Fedt, Tone 2 2 2
Fet, Jostein 1 1 1
Firdakvartetten 22 22 22
Instr Vokal Sum Sm Rd Ndm Andre
Føyk 1 10 11 9 2
Hole: Bødaviså 1 1 1
Horvei: Folkesongar I 52 52 52
Horvei: Folkesongar II 32 32 32
Landskappleiken 1986 12 1 13 13
Lien: Felefeber 11 2 13 3 1 9
Lien: Kjellstadslåttar 15 15 15
Lundeng 18 18 18
Meland / Flagstad 8 6 14 14
Moen: Den yndigste 24 24 24
Nordal, Jakob 7 7 7
Nordfjordspel I 19 19 19
Nupen, Dagfinn 9 9 9
Påskesalmar 3 3 3
Rygg og Hamre 19 19 19
Skjervheim 6 6 6
SKRUK: Klenodier 13 13 2 11
Sogns orkester 15 15 1 14
Sunnmøre Spml. II 15 15 12 3
Svee-songar 8 8 8
Sølvberg: Kølagutslåttar 4 4 4
Sølvberg: Nordfjordsl 21 21 21
Tomasgaard 1 26 26 6 6 14
Tomasgaard 2 18 18 6 12
Valldal spml 19 19 19
Vatne 39 39 39
Vigdal: Fedrearv 12 12 12
Vigdal: Det vårast på ny 9 9 9
Viken 14 14 3 11
Widnes 9 9 9
Sum tilvekst dette år 463 340 803 192 142 469
9.4 Antal lydberarar 1990 - 2000
Kassettar 594
CD-plater 49
Spoleband, store 5
Sikringskassettar 185
Videokassettar 250
9.3 Antal melodiar 1990 - 2000. Samlestatistikk
1990-99 2000 I alt
Notar ................... 14807 3556 18.363
Lyd ..................... 9102 803 9905
Video................... 2711 0 2.711
Sum.................... 26620 4359 30.979
10.0 PRIORITERTE OPPGÅVER FOR 2001
10.1 Lydstoff som er blitt liggande uregistrert skal ajourførast og registrerast.
10.2 Sikringskopieringa må halde fram, slik at alt lydstoff som kjem inn, blir sikringskopiert med ein gong.
10.3 Feltarbeid, under dette innsamling av eldre notestoff.
10.4 Fullføring av førstelineregisteret (notar og lyd) ved hjelp av ny database.
10.5 Nyordning av notematerialet.
10.6 Innkjøp av ny datamaskin, skrivar og minidiskopptakar med mikrofon.
Volda, 11. januar 2001
Jon Tvinnerein, styreleiar Jostein Fet, dagleg leiar i 2000
Frode Birkeland, dagleg leiar frå 01.01.01
|