Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Lån og tenester /

Reservere bøker som er utlånt

Bøker som er utlånt kan reserverast. Bøker som står på hylla må du sjølv kome og finne fram.

Korleis reserverer eg?
Du kan be om reservasjon i  skranken. Du kan også reservere sjølv gjennom BIBSYS Ask. Søk opp den boka du ønskjer å låne og klikk på [Bestill]. Fyll så ut låntakar-ID'et og etternamnet ditt og klikk på "Send bestilling". Du blir då sett på venteliste.

Kva er låntakar-ID'et mitt?
Låntakar-ID er lånenummeret ditt som du finn bak på studentkortet eller tilsettkortet, under strekkoda, td. hvo0007853.

Korleis får eg beskjed når boka kan hentast?
Biblioteket gir deg beskjed på SMS eller e-post, avhengig av kva for opplysningar vi har om deg. Boka må hentast innan 1 veke, elles går turen vidare til neste lånar eller den blir sett tilbake på hylla.

Kan eg reservere ei bok til ein bestemt dato?
Nei, det er ikkje mogeleg.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ragnhild Halsen 23.05.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning