|
Det aller meste av materialet i biblioteket er til vanleg utlån. For å få låne må du ha studentkort med strekkode i, tilsettkort eller eit eige lånekort frå biblioteket.
Lånefristar
Vanleg lånetid er 28 dagar. Lån kan fornyast dersom ingen annan lånar ventar.
Bøker som vert reserverte for andre, kan kallast inn etter 14 dagar.
Tidsskrift: 2 dagar.
Nyaste nummer av tidsskrift og aviser er ikkje til utlån.
Video/DVD, CD-plater, CD-ROM, offentlege publikasjonar: 7 dagar.
Ikkje fjernlån (dvs. lån til andre bibliotek) av video/DVD,
Handbøker og andre referansebøker er ikkje til utlån (bøker merkte med raudt).
Før utanlandsreiser og lengre praksisperiodar, må alle lån leverast tilbake.
Erstatningsansvar
Lånaren er ansvarleg for det vedkomande har lånt. Dersom materialet ikkje blir levert inn etter tre purringar, får lånaren eit erstatningskrav. Dette skal dekkje utgifter i tilknyting til nyinnkjøp:
Kr. 400,- som minstetakst for bok, DVD eller anna tilsvarande materiale. For dyrare ting set biblioteket ein sum som tilsvarer verdien.
Kr. 200,- for einskildhefte, småtrykk o.l.
Innlånt materiale skal erstattast etter takstar fastsett av eigarbiblioteket.
Lånaren får varsel før erstatningskravet. Dersom du meiner det er noko feil, bør du melde frå straks, ved første innkallinga.
Om ei bok kjem til rette etter at erstatningssummen er betalt, må ho likevel leverast tilbake. Lånaren vil heller ikkje få erstatningssummen refundert. Dette fordi erstatningskrav medfører eit vesentleg meirarbeid og også auka utgifter for biblioteket.
Lånarar som bryt reglane grovt, må rekne med å ikkje få låne meir før han/ho har ordna opp.
|