| Lån og tenester / Korleis bestille litteratur som ikkje finst i biblioteket? |
 |
Det som ikkje finst i vår samling kan som oftast lånast inn frå andre bibliotek. Vi kan også skaffe kopiar av tidsskriftartiklar. Biblioteket vil i enkelte høve måtte avgrense innlånet etter nærare reglar.
Innlån og artikkelkopiar er i hovudsak gratis, men særleg dyre tenester må lånaren rekne med å betale for. Det er eigarbiblioteket som fastset lånetid og andre reglar for bruk av innlånt materiale. I enkelte tilfelle er det ikkje tillatt med heimlån.
Lånaren har erstatningsansvar for innlånt materiale som ikkje vert levert tilbake, sjå lånereglane.
Innlån bestiller du enklast gjennon Bibsys Ask. Bruk bestillingsfunksjonen.
Det tek ca ei veke før du får det materialet du har bestilt. Leveringstida kan variere avhengig av kva bibliotek vi bestiller i frå. Nokre gonger kan dessutan bøkene vere utlånte, og vi må stå på venteliste. Lån frå utlandet tek ofte lenger tid.
Du får melding anten via e-post eller SMS når materialet er klart til henting. Ver vennleg å hente bøker så snart som råd, slik at du rekk å lese dei før dei må returnerast.
|