Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 08-09
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt KEV

KEV
Høgskulen i Volda
Joplassvegen,
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 05 48 10
Mobil: 41 44 10 62
Telefaks: 70 07 50 51

kev@hivolda.no

Meir info >>

Livslang læring / Vidareutdanning / Barnehageløftet / Barnehageløftet / Etterutdanning /

Til framsida for Barnehageløftet

Etterutdanning

For alle barnehagetilsette tilbyr vi både kortare kurs og utviklingsarbeid med samlingar, mellomarbeid og rettleiing.

Kontakt Signe Valsø ved Kontor for etter- og vidareutdanning for informasjon, tilbod og avtalar.
Signe Valsø: E-post: sva@hivolda.no Telefon: 70 07 53 18


IKT og medverknad

Bør IKT inn som verktøy og leiketøy for barn i barnehagen?
Kva rolle skal barn og vaksne ha i høve til IKT i barnehagen og korleis kan dette knytast opp mot medverknad?

Omfang
12 timar (blir også tilbydd som utviklingsarbeid)

Fagansvarlege
Høgskulelektor i pedagogisk informasjonsvitskap (IKT i læring) Lila Moberg og høgskulelektor i pedagogikk Gerd Sylvi Steinnes.


IKT og kreativitet
Det kreative barnet? Kan barn vere kreative utan papir og blyant? Det er viktig å lære barn korleis dei kan nytte det virtuelle mediet, bruke det i sine eigne kreative prosessar istaden for å "delta" i programmeraren sin prosess. Frå å vere passiv deltakar til å vere aktiv og kreativ. Det visuelle språket er eit språk med stor makt. Vi treng tidleg å lære oss kodene i det visuelle språket, både for at vi sjølve betre skal uttrykke oss visuelt, men også for å kunne forstå den massive påverknaden vi blir utsette for kvar dag frå vi er ganske små. Det blir stadig viktigare å lære barn å knekke dei visuelle kodene slik at dei kan forstå og gjere val i forhold til kva dei ser og blir påverka av.

Omfang
9 timar (blir også tilbydd som utviklingsarbeid)

Fagansvarlege
Høgskulelektor i pedagogisk informasjonsvitskap (IKT i læring) Lila Moberg og høgskulelektor i kunst og handverk Katharina Teige Førde.


Minoritetsspråklege barn i barnehagen

Talet på minoritetspråklege born er aukande i barnehagen og dermed aukande behov for kompetanse i tospråkleg utvikling og fleirkulturell pedagogikk. Kurset tek utgangspunkt i utfordringar og mulegheiter som dette gir og korleis tilsette i barnehagen kan leggje til rette for å fremje språkleg kompetanse til dei minoritetspråklege.

Omfang
6 timar eller 3+3 timar (blir også tilbydd som utviklingsarbeid)

Fagansvarlege
Høgskulelektor i norsk Birgitte Fondevik Grimstad og høgskulelektor i pedagogikk Randi Myklebust.


Filosofiske samtalar om matematiske spørsmål

Kurset er bygd opp med ei innføring i filosofisk samtale, etterfølgd av ei innføring i matematikkdidaktikk og matematiske emne – tilpassa deltakarane sin utdanningsbakgrunn. Til slutt blir det praktiske øving i filosofisk samtale med utgangspunkt i matematiske emne.

Omfang
4 - 6 timar (blir også tilbydd som utviklingsarbeid)

Fagansvarlege
Høgskulelektor i matematikk Leif Bjørn Skorpen og førsteammanuensis i etikk, religion og filosofi Ralph Meier.


Leik og leikemateriell

Det fysiske og materielle miljøet i barnehagen. Korleis kan barnehagen organisere det fysiske og materielle i miljøet for å stimulere til læring og leik?

Omfang
5 timar

Fagansvarleg
Høgskulelektor i pedagogikk Kari Anne Osborg.


Matkultur og kosthald i barnehagen
Vi vert sosialisert inn i eit mat– og kosthaldsmønster der heimen, barnehagen og nærmiljøet alle er aktørar. Korleis kan vi bidra til å gi barn gode kosthaldsvanar? Kurset er både teoretisk og praktisk, og kan vere ope for foreldre.

Omfang
6 timar eller 3+3 timar

Fagansvarleg
Høgskulelektor i heimkunnskap Heidi Brunstad-Øyehaug.


Bildeboka og rammeplanen
Kurset vil gi ei innføring i bildeanalyse gjennom praktiske eksempel. Vi vil diskutere det vanskelege kvalitetsomgrepet og korleis vi kan nytte bildeboka til språkstimulering, estetiske, etiske og kulturelle verdiar. Ein kan gi eit grunnkurs og eit utvida kurs der deltakarane arbeider med bildebøker i barnehagen sin før neste kursdel.

Omfang
3 timar eller 3+3 timar

Fagansvarleg
Høgskulelektor i norsk Ingjerd Traavik.


Barnehage og barnevern- fokus på bekymringsmelding
Barnehagepersonell møter dagleg barn med ulike omsorgsbehov. I somme tilfelle er det naudsynt å setje inn tiltak for å betre omsorgsituasjonen.Då kan det bli naudsynt for barnehagepersonalet å samarbeide med fleire etatar og faggrupper. Det er viktig å skaffe seg kunnskap om kva plikter ein har overfor barn der ein er bekymra for omsorgssituasjonen og korleis ein kan gå fram for å få drøfta desse bekymringane nærare.

Omfang
3-4-timar

Fagansvarlege
Høgskolelektor i sosialt arbeid Anne Marie Verpe og førstelektor i sosialt arbeid Hallgerd Conradi.


Språk og språkutvikling
Rammeplanen frå 2006 legg auka vekt på læring, også av språklege ferdigheiter. Korleis kan barnehagen arbeide med fagområdet kommunikasjon, språk og tekst? Og korleis kan barnehagen bli ein læringsarena for alle barn, også dei med forseinka språkutvikling? Kurset vil gi ei innføring i språkutvikling og språkstimulering frå spedbarnsalder. Samtidig blir det vist kva vanskar som kan oppstå undervegs og korleis personalet kan tilrettelegge for stimulering av språk og samspel.

Omfang
3+3 timar eller dagskurs

Fagansvarleg
Høgskulelektor i pedagogikk Liv Ingrid Håberg.


Leik og fysisk aktivitet i ulike miljø
Rammeplanen for 2006 peikar på barnehageborna sitt behov for å vere i rørsle. Gjennom dette kurset skal vi setje fokus på ulike typar leik og fysisk aktivitet som kan vere med på å stimulere dette behovet. Borna si motoriske utvikling, vêret og det fysiske miljøet kring borna skal vere utganspunkt for eit kreativt arbeid når det gjeld å legge til rette for eit variert utval av leikar og fysisk aktivitetar for denne aldersgruppa. Eit av problemområda vil vere kva for aktivitetar kan stimulere til aktivitet og rørsleglede hjå dei minste (0-3)? Vi tek sikte på bruk av enkelt utstyr som er enkelt å ta med på tur.

Omfang
Dagskurs/ 5-6 timar

Fagansvarleg
Høgskulelektor i kroppsøvings- og idrettspedagogikk Eli-Karin Sjåstad Åsebø



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Kev-tavla
"The revolution
will not be televised"
Volda Nov 26 - 28th 2008

15.02.2008

Oppdatert av Eirik Bech 23.05.2008
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning