|

Møre og Romsdal fylke og Høgskulen i Volda inviterer i samband med Barnehageløftet alle tilsette i barnehagane på Nordmøre til kompetanseheving i:
Utviklingsarbeid i barnehagen
Barnehageløftet er Kunnskapsdepartementet sin strategi for kompetanseutvikling for barnehagesektoren, der målsetjinga er å styrkje kvaliteten i barnehagane og arbeide for at alle som ønskjer det skal få barnehageplass.
Pedagogisk utviklingsarbeid handlar om å utvikle barnehagen som lærande organisasjon. Kva innhald vil ein at barnehagen skal fyllast med? Kva skal borna lære? Kva er eit godt læringsmiljø? Kva meiner vi med god leik? Korleis arbeide med implementering av Rammeplan for barnehagen? Er ein opne for endring i barnehagen? Dette er tema som vert tatt opp. Velkomne til ein interessant ettermiddag med engasjerte førelesarar. (Sjå program).
Tid og stad
|
Averøy, Aure og Smøla |
tysdag 04.september 2007 |
Karoline kino og konferansesenter, Klubba |
|
Kristiansund og Frei |
onsdag 05.september 2007 |
Frei ungdomsskule, auditoriet
|
|
Rindal, Halsa, Sunndal, Tingvoll, Surnadal |
torsdag 06.september 2007 |
Sunndal kulturhus, Hovshall |
Alle dagar kl 18.00-21.00.
Påmelding
Meld deg på elektronisk innan 1.september. Påmeldingsavgift: kr 250,- per person
Gå til:
|