|
Seminar i samarbeid mellom Forskingsdagane og Prøvekluten
|
Møreforsking Volda har det siste året – på oppdrag frå Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke – evaluert ordninga med Møremusikarane. Ordninga skal bidra til høg musikalsk kvalitet i frivillig musikkliv gjennom assistansespel og solistinnslag, presentere eigne produksjonar rundt om i fylket, samt tilby pedagogiske tenester ein ikkje kan få til dømes gjennom kulturskulane. Dette er ei ordning som har vore verksam sidan 1990.
På Forskingsdagane 2007 vil Susanne Moen Ouff presentere evalueringa og viktige funn. Ho er forskar ved Møreforsking Volda og ein av forfattarane av evalueringsrapporten Lite kjend vellyd? Evaluering av Møremusikarordninga. |
 Rute 33. Foto: Ottar Anderson |
Lene Mordal frå Møre og Romsdal fylke vil innleiingsvis gje seminardeltakarane eit innblikk i Møremusikarordninga, og seinare vil Øyvind Schanke – også frå Møre og Romsdal fylke – løfte blikket framover og snakke om kulturpolitiske perspektiv. Og ikkje minst vil fleire av Møremusikarane syte for at seminaret blir fylt med vellyd.
Arrangementet vil vere ein del av todagarsseminaret ”Det potensielle romet – eit seminar om møtet mellom skule og kultur”. Dette inngår i Prøvekluten, som er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylke og HVO. Kunstnarar innan ulike sjangrar får tilbod om arbeidsopphald og tilrettelagt produksjonsmiljø ved HVO. Målet er at dei kan utvikle tilbod som kan gå inn i Den kulturelle skulesekken.
Seminaret er gratis. Påmelding innan 20. september. Påmeldingsskjema: http://www.hivolda.no/index.php?ID=14392
Program 27. september:
| Kl. 11.30 |
STØNNT Jo Inge Nes |
| Kl. 12.00 |
Fakta om Møremusikarordninga Lene Mordal, koordinator Møre og Romsdal fylke |
|
Kunstnarleg innslag ved Møremusikarar |
| Kl. 12.30 |
LUNSJ |
| Kl. 13.30 |
Evaluering av Møremusikarordninga Susanne Ouff, forskar ved Møreforsking Volda |
| Kl. 14.15 |
Kulturpolitiske perspektiv Øivind Schanche, leiar for formidlingsseksjon i Møre og Romsdal fylke |
|
Kunstnarleg innslag ved Møremusikarar |
| Kl. 15.00 |
Dialog – oppsummering |
>>> Kronikk i Sunnmørsposten 20/9: "Møremusikk for alle" av Finn Båtevik og Susanne Moen Ouff.

|