Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskingsdagane 2007 /

Afrika: Religiøsitet og demokratikamp

Religiøsitet og demokratikamp er stikkord for to foredrag med tilknyting til Afrika.

Ottar Berge vil gje oss smakebitar frå si komande bok Åndene og Ånden, der møtet mellom tradisjonell afrikansk religion og kristen livsforståing er eit tema. Han har i årevis undervist i praktis-teologiske fag ved Høgskulen i Volda og er fødd og oppvaksen på Madagaskar.

Birger Løvlie er kyrkjehistorikar ved Høgskulen i Volda og deltakar i eit prosjekt der høgskulen samarbeider med Chancellor's College i Zomba, Malawi om demokrati i lærarutdanning: Democracy in Teacher Training.

Tid:  Tysdag 25. september kl. 18.00-19.15
Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, vesle auditorium

Ottar Berge:
Afrikansk religiøsitet i moderne tid

Mange afrikanske teologar samanliknar dei siste 150-200 åra i afrikas kyrkjehistorie med utviklinga i den kristne kyrkje i dei første par århundra av hennar historie. Kristendomen ”vandra” frå Midtausten og jødisk mark til Europa og hellenistisk kultur og vart Vestens religion. I dag er kristendomen vesentleg og sterk i Afrika, og det skal berre korte besøk til for å sjå at han pregar kontinentet på avgjerande måte. Kan vi tillate oss å spørje om kristendomen er ”afrikanisert”?

 

Birger Løvlie:
Afrikanske kyrkjer i kamp for demokratiet
Då Noreg var ein ung nasjon var kyrkjeleiarane stort sett motstandarar av demokratiet. I den unge nasjonen  Malawi var kyrkjene aktive pådrivarer i den fredelege revolusjonen i landet 1992-94. Korleis fann desse kyrkjene eit teologisk grunnlag for å engasjere seg politisk? Kvar går grensa for kyrkja sitt politiske engasjement?

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Bente Gunn Lien 11.09.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning