Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Forsking og utvikling / Forskingsdagane 2007 /

Polarhistorie

2007 og 2008 er det Internasjonale polaråret. Forskingsdagane har difor valt å gjere Polaråret til hovudtema i 2007. Høgskulen i Volda markerer dette med å samarbeide med Ishavsmuseet Aarvak i Brandal om eit arrangement om selfangshistoria.

Arnljot Løseth, som er historikar ved Høgskulen i Volda, vil halde foredrag om sunnmørsk selfangst. Han har m.a. vore medforfattar på historieverket Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag, som kom ut i 2006.

Sverre Sundalsfoll vil vise film og bilete frå Vesterisen. Han er overlege ved Volda sjukehus, og i 1980 var han lege ombord på hjelpeskipet MS Harmoni i Vesterisen.

Tid:   Laurdag 29. september kl. 13.00-16.00
Stad: Ishavsmuseet Aarvak, Brandal

Kl. 13.00

Velkomen til Ishavsmuseet
Vising av 8-millimeter-film frå Vesterisen
v/ Sverre Sundalsfoll.
                  

 

 


Ishavsskuta "Polarsel". Foto: Ishavsmuseet Aarvak

Kl. 13.15

Arnljot Løseth
Med gevær og hakapik. Om sunnmørsk selfangst på 1900-tallet.

”Mi jord rekk frå femogfemtiande til åttiande breiddegrad,” sa Sevrin Brandal (1847-1934) – ein av pionerane i sunnmørsk selfangst – då han ein gong vart spurt om kor stor jord han hadde. Frå 1898 og fram til byrjinga av 1980-åra låg det regionale tyngdepunktet for selfangstnæringa i Noreg på Sunnmøre og i Troms. Selfangsten og fangstfolka høyrde heime i nokre få senter i desse to landsdelane, der dei var ein vesentleg del av yrkesfolket. Kvitsjøen, Vestisen, Danmarkstredet og Newfoundland var fangstfelta. Yrket var farleg. Ein fangstmann måtte rekne med å oppleve forlis, og drukning var ikkje uvanleg. I foredraget sitt vil Arnljot Løseth ta for seg ulike sider ved den sunnmørske selfangsten i polare strøk.

 
Kl. 14.00 Spørsmål/pause
     
Kl. 14.15

Sverre Sundalsfoll
Bilete og historier frå Vesterisen

Kl. 14.45

Omvisning på Ishavsmuseet
Sal av mat og drikke

Gratis buss frå rutebilstasjonen i Volda kl. 11.15 (først til mølla ...).
Retur frå Brandal ca. kl. 16. Tilbake til Volda ca. 17.30.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Bente Gunn Lien 14.09.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning