|
I desse dagar kjem Jane Austen til Norge i form av ein biografisk film ("Den unge Jane Austen") på kino. Men ho har vore her før, ikkje berre i form av fleire populære kinofilmar og fjernsynsseriar dei siste ti åra, heller ikkje berre i form av ein serie med nye, norske omsettingar av romanane hennar i same periode. Ho har vore lesen og omtalt og omsett i Norge i om lag hundre år, og ser ein etter korleis ho har vore omtalt, dannar det seg visse mønster og kanskje til og med myter om henne.
|
Boka The Reception of Jane Austen in Europe er resultatet av eit internasjonalt forskingssamarbeid for å finne ut meir om korleis Austen har vore mottatt og brukt i ulike land. Førstelektor Marie Nedregotten Sørbø frå Høgskulen i Volda er einaste norske medforfattar, og ho har skrive kapitlet om Austen-resepsjonen i Norge. Boka kom nyleg ut på Continuum forlag i London og høyrer med i eit stort og prestisjetungt europeisk forskingsprosjekt initiert av British Academy - med redaktørar frå det britiske akademiske miljøet og bidrag frå europeiske universitetsfolk. |
|
Boklansering |
 |
|
Under Forskingsdagane i Volda vil Marie Nedregotten Sørbø presentere bokprosjektet og forklare kva resepsjonsforsking er.
Ho vil også legge fram nokre av funna i kapitlet om Norge, gje smakebitar frå omsetjingar, omtale i litteraturhistoria m.m. for å gje eit inntrykk av korleis Austen blir forstått og framstilt her i landet.
Tid: Fredag 21. september kl. 13.15 Stad: Berte Kanutte-huset, rom 157
Servering av kaffi og kaker. |
|

|