|
 |
Ivar Aasen-tunet er meir enn eit museum og ein konsertstad, mykje meir. Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur, med samlingar som inneheld om lag 55 000 kulturhistoriske gjenstandar i form av trykte skrifter, arkivmateriale, elektroniske dokument og tradisjonelle gjenstandar. Under Forskingsdagane opnar dei samlingane og viser viktige og kuriøse skrifter til alle interesserte.
Den mest sentrale samlinga er Ivar Aasen-samlinga, ei boksamling på 2400 titlar som er ein del av basisutstillinga i Aasen-tunet. Denne boksamlinga viser at Ivar Aasen hadde | mange interesser, med bøker om alt frå tradisjonskunst og engelsk humor til språkvitskaplege avhandlingar.
Reidar Djupedal-samlinga er den største av samlingane i Aasen-tunet med 34 600 band samla av kulturhistorikaren, språkforskaren og Aasen-kjennaren Reidar Djupedal (1921-89). Samlinga blei gitt i gåve til Ivar Aasen-tunet og inneheld bøker, særprent, småtrykk og periodika innan fleire fagområde og på minst 15 språk.
Magasinet i Aasen-tunet inneheld også mellom anna Anton Aure-samlinga, med 2200 årgangar av 146 ulike aviser, blad og tidsskrift. Arkiv for norsk målreising blei bygt opp av Peder E. Hovdan som ein del av arbeidet hans med statistisk dokumentasjon av framveksten av nynorsk skriftkultur. Kva som blir trekt fram under Forskingsdagane er framleis hemmeleg.
På godfot med fotnotane i norsk kulturhistorie
Tid: Fredag 28. september, kl. 12.00–15.00 Stad: Ivar Aasen-tunet |
 Kirsti Langstøyl i arkivet. Foto: Nynorsk kultursentrum
|
|
Bibliotekleiar Kirsti Langstøyl og dokumentasjonsleiar Eirik Helleve opnar samlingane og magasinet i Aasen-tunet og viser viktige og kuriøse skrifter. Omvising kl. 12, 13 og 14.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda og Nynorsk kultursentrum. |

|