Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Lån og tenester / Fjernlån/bestillingar /

Fjernlån/bestillingar

Fjernlån

Bøker som vi ikkje har sjølve, kan lånast inn frå andre bibliotek. Vi kan også skaffe kopiar av tidsskriftartiklar. Biblioteket vil i enkelte høve måtte avgrense innlånet etter nærare reglar.

Desse tenestene er i hovudsak gratis, men særleg dyre tenester må lånaren rekne med å betale for. Det er eigarbiblioteket som fastset lånetida og andre reglar for bruk av innlånt materiale. I enkelte tilfelle er det ikkje tillatt med heimlån.

Lånaren har erstatningsansvar for innlånt materiale som ikkje vert levert tilbake, sjå lånereglane.

Bestillingsfunksjonen i Bibsys

Alle registrerte lånarar kan bestille innlån og artikkelkopiar gjennom Bibsys. Følgjande reglar gjeld:

Du kan bestille innlån og kopiar av materiale som ikkje finst i biblioteket ved HVO.

Dersom ei bok er utlånt, kan du bestille lån gjennom Bibsys. Då reserverer vi boka for deg, og du får henne så snart ho er tilgjengeleg.

Materiale som finst i vårt bibliotek og som ikkje er utlånt, må du kome og finne fram frå hylla sjølv. I slike tilfelle nyttar det ikkje å sende oss ei bestilling.

For fjernstudentar  gjeld særskilte reglar, sjå under Fjernstudentar.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ragnhild Halsen 10.11.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning