|
Alle studentar som er knytte til HVO gjennom fjernundervisning/desentraliserte studium/nettstudium, kan nytte seg av biblioteket sine tenester. Biblioteket har som målsetjing at fjernstudentar skal få tilgang til dei same bibliotektenestene som dei øvrige studentane.
Har du registrert deg som student og fått studentkort, evt berre studentnummer, er du også registrert i biblioteket sitt låneregister. Det er studentkortet som vert nytta som lånekort. Låntakarnummeret ditt står på baksida av kortet (td. hvo0345671).
Lån
Som fjernstudent og registrert lånar ved HVO sitt bibliotek står du fritt til å låne frå biblioteket si samling. Bestilling av lån kan gjerast gjennom bestillingsfunksjonen i BIBSYS, på telefon (70075060), faks (70075059) eller e-post ( bibl@hivolda.no ).
Om du er busett utanfor Volda/Ørsta og ikkje har høve til å kome til biblioteket, sender vi bøkene heim til deg. Du returnerer sjølv bøkene når lånetida er ute, pr post eller ved å oppsøke biblioteket. Bøkene vert fritt tilsendt, men returporto må du sjølv betale.
Utlånte bøker kan reserverast. Du kan også få fornya lån, såframt ingen andre står på venteliste. Ta kontakt med biblioteket via telefon eller e-post, eller bruk funksjonen for eigenfornying i Bibsys.
Fjernlån
Dersom du må ha tak i bøker og/eller tidsskriftartiklar som vi ikkje har, låner vi inn dette frå andre bibliotek. Bøkene får du tilsendt i posten om du bur utanfor Volda/Ørsta.
Bibsys
Biblioteket sine samlingar er registrerte i Bibsys Ask - HVO-biblioteket. For å kunne nytte bestillingsfunksjonen må du fylle inn opplysningar om låntakarnummer og etternamn, evt.logge deg på før du bestiller.
Bibliotektenesta i Kristiansund
Studentar som er lokaliserte i Kristiansundsområdet, kan bruke bibliotekavdelinga ved Studiesenteret på Løkkemyra.
Adresse: Studiesenteret i Kristiansund, Bibliotektjenesten E-post: bib.krsund@himolde.no Telefon: 71 21 40 79 Post: Industrivegen 18, 6517 KRISTIANSUND
Kurs/opplæring
Alle nye studentar har høve til å delta på ein introduksjon til biblioteket, med demonstrasjon av litteratur- og informasjonssøking, elektroniske bestillingsmåtar m.v. Det er studieansvarleg / faglærar som må avtale slik opplæring med biblioteket. For fjernstudentar må denne introduksjonen skje ved samlingar i Volda. Som fjernstudent er du også velkomen til å ta direkte kontakt med biblioteket via telefon for rettleiing eller hjelp til litteratursøk.
Tilgang til databasar
Via biblioteket har studentar ved HVO høve til å søke i ei rekkje databasar. Dei fleste av basane kan du også søke i heimanfrå ved å logge deg på ein såkallar VPN-portal. Du loggar deg på med det same brukarnamnet og passordet som du nyttar elles. Klikk deg inn via "Søk heimanfrå" i bibliotekmenyen.
|