Gunnar Staalesen er ein produktiv forfattar. Mest kjend er han for romanane sine om privatetterforskaren Varg Veum. Med 1900 Morgenrød har Staalesen skrive ein ruvande roman om Bergen frå 1900 til fyrst på 1930-talet.
Det gjer han ved å følgje nokre familiar i den bergenske overklassa, nokre politifolk i byen og deira familiar, og sjølvsagt småkårsfolk. Ikkje overraskande begynner romanen med eit mord, konsul Carl August Frimann blir funnen drepen, og dette mordet kjem med ujamne mellomrom fram att i den over 500 sider lange romanen.
Her er det sjalusi, kjærleik og utruskap, slit og streik, brann og oppbygging, klassemotsetningar og politisk strid - og alle historiene og familiane Staalesen skriv om, flettar seg på eit eller anna tidspunkt inn i kvarandre. Dette gjer at lesaren heile tida kjenner driven i romanen og kjenner seg tvungen til å lesa vidare. Samstundes gjer alle desse historiene og namna det noko vanskeleg å halde oversikta over kven og kva Staalesen skriv om.
Dersom lesaren greier å oversjå ein viss frustrasjon over at enkelte namn og detaljar lett blir rota i hop, er dette ei svært gjevande og interessant bok å lesa. Gjevande er ho fordi ho formidlar klare, gode bilde på livet i ulike klassar for nokre mannsaldrar sia, interessant fordi boka samstundes lærer oss mykje om Bergen og om framveksten av det moderne Noreg. Romanen er den fyrste av ein planlagd trilogi, og denne lesaren gler seg alt til neste band.
Gunnar Staalesen:
1900 Morgenrød
Gyldendal 1997
532 sider
JPV 5/98
Les også meldinga av 1950
High Noon av same forfattar.