«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Kompetanse for kvalitet

INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Larar_web_LINE_SJOHELLE_2012_1_16_650_kompetanse_for_kvalitet.jpg

Kompetanse for kvalitet er ei satsing på etter- og videreutdanning for lærarar i skulen. Målet med satsinga er å styrkje lærarar og rektorar sin kompetanse, som vidare skal auke elevane si læring og motivasjon i skulen.

Studietilboda er knytt til læraren sitt daglege arbeid i skulen, der yrkespraksis blir nytta både som refleksjon og utprøvingsarena.  Lærarar som ønskjer å delta kan søkje om å få ta videreutdanning dersom dei har lite eller inga fordjuping i faget frå tidlegare.

Høgskulen i Volda sine tilbod

Matematikk

Matematikk 1 – 5. – 10.trinn
Matematikk 2 – 5. – 10.trinn

Norsk

Norsk 2 – 5. -10. trinn

Engelsk

Engelsk 1 – 1. 7. trinn
Engelsk 2 – 1. 7. trinn
Engelsk 1 – 5. 10. trinn
Engelsk 2 – 5. 10. trinn

Korleis søkjer du?

Lærarar som vil delta på studietilboda i ordninga, må søkje direkte til Utdanningsdirektoratet sin søknadsweb. 
Søknadsperiode 1. februar – 15. mars.

Det er skuleeigar som vurderer kva lærarar og kva fagområde som blir prioritert.

Studietilboda har eit omfang på 30 studiepoeng (15stp. + 15 stp.) delt på to semester – haust og vår.
Du kan søkje på ein eller fleire av 15 stp. -modulane.
Ver merksam på at det for somme tilbod i vårsemesteret blir sett krav om at modul 1 eller tilsvarande skal være bestått.

Finansiering

Du kan velje mellom to finansieringsordningar. 

vikarordning

Vikarordninga inneber at du frigjeres frå delar av dine ordniære arbeidsoppgåver, slik at du får tid til å studere uten å gå ned i løn. Kor mykje du vert frigjeve kjem an på kor mange studiepoeng du tek. 
Les meir om vikarordninga

Stipendordning

Stipendordning for inneber at du kan få kr 100 000 i stipend for å ta en videreutdanning (30 stp.) i prioriterte fag, spesielt matematikk.
Les meir om stipendordninga

Søknad på ordinære studietilbod

Du kan også søkje på ordinære videreutdanningstilbod ved Høgskulen i Volda.
Du kan da få de samme vilkåra som dei som deltar på de frikjøpte tilboda.

Slik går du fram:

Organisering

Studietilboda i ordninga er utan studieavgift. Skuleeigar dekkjer kostnadar til læremateriell og reise- og opphold til samlingar. 

For studietilbod i matematikk og naturfag dekkjer Staten 75% av vikarkostnadane. 
For andre studietilbod dekkjer Staten 60% av vikarkostnadane og skuleeigar 15 %.
Lærar sin andel er 25 %, i form av bruk av eiga tid.

Kontakt

Har du spørsmål om ordninga?
Vi svarar gjerne!
Kontakt: Anne Øie