|
Presentasjon studentproduksjonar frå kunstnariske, visuelle eller audiovisuelle studium ved Høgskulen i Volda
Til alle fagmiljø
Informasjonskontoret ser eit aukande behov frå søkjarar til å sjå eller oppleve studentproduksjonar frå ulike studium ved Høgskulen i Volda. Søkjarar vil gjerne sjå resultat av det dei skal studere før dei tek ei avgjerd om å studere her.
I denne samanhangen har Informasjonskontoret gjennomført eit prosjekt der informasjonsstudentar fekk i oppgåve å lage eit forslag til korleis dette kunne presenterast på beste måte. Deira forslag var ein nettportal der studentproduksjonar kunne presenterast saman med ressursar i fagmiljøet og bilete av lokalar m.m.
Det er no implementert ein prøveversjon av www.hivolda.no/projektor som vi skal bygge ut og lansere etter at så mange fagmiljø som mogleg har kome med sine bidrag.
Bidraga kan vere: - Eit utval av studentproduksjonar i form av bilete, video, lyd, pdf-dokument eller vevsider m.m. (Format, storleik etc. er enno ikkje fastsett) - Informasjon om førelesarar, fagpersonell eller andre personlege ressursar knytt til fagmiljøet - Informasjon/bilete av tilgjengelege verkty og/eller lokale.
Desse sidene vil vere knytte opp mot studieinformasjon og søkjarinformasjon på www.hivolda.no/tilbod
Frist for bidrag I første omgong vil vi satse på publisering 1. desember og på grunn av arbeidet med produksjon av vevsider set vi ein frist for innlevering av materiell til 1. oktober. Ta kontakt med Informasjonskontoret ved Kristian Fuglseth, 70 07 52 19 for idear, kommentarar og ikkje minst bidrag.
Mvh Kristian Fuglseth Informasjonskontoret Volda, 1. september 2005
|