|
”Eg vil møte deg” Marie Takvam 80 år Jubileumsseminar på Høgskulen i Volda, Berte Kanutte, store aud. Fredag 27. oktober 2006

Marie Takvam fyller 80 år i desember 2006. Lyrikaren frå Hjørundfjorden har ein stor lesarkrins som stadig går attende til dikta ho har skrive. Ho er og kjend for barnelitteratur og som barnetimeforteljar.
Høgskulen i Volda vil gjerne heidre denne markante lyrikaren med eit eige jubileumsseminar, og inviterar alle interesserte til å kome til Volda denne dagen seint i oktober.
Seminaret er ope for alle. Det er inga seminaravgift, men dei som ynskjer å ta del på middagen må melde frå om dette seinast 24. oktober til eirik.bech@hivolda.no. Middagen kostar 200 kroner, og vert halden på studenthuset Rokken i Volda sentrum. I høgskulebiblioteket vil det vere ei Marie Takvam-utstilling utlånt av Nynorsk kultursentrum.
|
Program for Eg vil møte deg. Marie Takvam 80 år. Jubileumsseminar ved Høgskulen i Volda,
Fredag 27. oktober 2006.
| 11.30 |
Opningsdikt: Dialog av ”Dåp under sju stjerner” og ”Eg vil møte deg” ved Gunhild Hovden Kvangarsnes og Ragnhild Vannebo. Opning ved Rakel Christina Granaas. |
| 11.40 |
Ottar Grepstad: Den folkekjære og omstridde utbrytaren. |
| 12.00 |
”Barndomsminne” ved GHK Magnus Takvam: Levd liv - sonen Magnus fortel om utvalde dikt. |
| 12.45 |
”Paradis?” ved GHK Ingjerd Traavik: Tapt og funnet. Maria og katten i Venezia. Kjell Arild Madssen: Marie Takvam som barnetimeforteljar |
| 13.20 |
”Song til lyset” ved GHK. Jan Inge Sørbø: Biografien som forminsking. Om tolkinga av Marie Takvam |
| 14.00 |
Kaffi og sveler til sals i kantina |
| 14.30 |
”For journalisten” Unn Conradi Andersen: Det offentlege rommet og Marie Takvam. Om det nemnelege og det unemnelege. |
| 15.10 |
Ordskifte. |
| 15.30 |
Ragnhild Vannebo: Monolog frå Alexandra.
Tekstklipp frå Marie Takvam sin roman ”Brevet frå Alexandra." |
| 16.00 |
Avslutning. |
|
|
| 21.00 |
Konsert og plateslepp på Rokken Scene: Gruppa Kvann: Eg vil møte deg. Tonesette dikt av Marie Takvam. |
Programleiar: Janne Karin Støylen
Tonesette dikt av Marie Takvam. Les meir om konserten. Lytt til musikk av Kvann (mp3.fil)
Atterhald om mindre endringar i programmet.
| Du kan laste ned ein faldar om seminaret som pdf-fil. Arrangementet er i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Innleiarane:
- Magnus Takvam, til dagleg politisk kommentator i NRK
- Kjell- Arild Madssen, førsteamanunsis og dekan, Avd. for humanistiske fag
- Jan Inge Sørbø, professor ved Ivar Aasen- instituttet og forfattar
- Unn Conradi Andersen, journalist i Dagbladet og mastergradstudier i sosiologi
- Ragnhild Vannebo, skodespelar og tidlegare førstelektor ved HVO
- Ottar Grepstad er direktør i Nynorsk kultursentrum
- Ingjerd Traavik er høgskulelektor ved Nordisk institutt ved Høgskulen i Volda
|