Regionalt samarbeid om bustadforsyning i Bergensregionen (1997)
Husbanken har saman med Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og 13 kommunar i Hordaland laga ein rapport om bustadutviklinga i regionen.
Prosjektet Regionalt samarbeid om bustadforsyning i Bergensregionen (1997) er ei oppfølging av Bergen kommune si ”Boligmelding 1996 – 2000” og ”Fylkesplan for Hordaland 1996 – 1999”.
Mål og motiv
Det overordna målet med prosjektet er å få i gang eit regionalt samarbeid om bustadutviklinga i regionen.
Motivet for prosjektet er knytt til behovet for å tilpasse bustadplanlegginga som følgje av endra kommunikasjonar i regionen, samt å tilfredsstille overordna nasjonale miljømål, mål om utjamning i levekår og satsing på kvalitet i bustader og bustadområde.
Det blir i rapporten lagt til grunn at Bergensregionen er ein integrert arbeids- og bustadmarknad og at bustadpolitikken for kommunane i denne regionen får verknader for heile regionen og ikkje berre for den einskilde kommunen.
Utfordringar
Rapporten oppsummerer fase 1 i prosjektet der det faglege grunnlaget og aktuelle temaområde for eit samarbeid mellom kommunane i Bergensregionen om bustadplanlegging og bustadpolitikk er drøfta. Den viser hovudtrekka i bustadutviklinga i regionen dei siste 20-30 åra og peikar på utfordringar her.
Vegen vidare
Det blir lagt fram eit prioritert forslag til samarbeidsområde på tre nivå:
- Opprette eit forum der kommunane kan møtast for å dele på data og erfaringar som kan danne grunnlag for eit samarbeidsprosjekt.
- Gjennomføre samarbeidsprosjekt for kunnskapsbygging.
- Utvikle forpliktande felles mål og gjennomføre ein felles bustadpolitikk.
Rapporten konkluderer med at arbeidet må starte opp med eit praktisk regionalt samarbeid gjennom nivå 1 og 2. Eit meir forpliktande samarbeid, nivå 3, må utviklast over tid.
Rapporten: Regionalt samarbeid om bustadforsyning i Bergensregionen.
Kontaktperson: Olav Ohnstad, Husbanken, Regionkontor Bergen.
Opprettet: 15.03.2006 -
Sist oppdatert: 22.10.2007