Utskrift

Tiltak for å redusere tal på bustadlause i Stavanger

Stavanger kommune skal starte opp eit prosjekt som har som formål å redusere tal på begjæringer om utkastingar og på personar som blir kasta ut av bustadene sine. Kommunen har fått tilsegn om kompetansetilskott frå Husbanken til prosjektet.

Til prosjektet - ”Redusere begjæringer og utkastelser i Stavanger kommune" - skal kommunen etablere ein prosjektleiarstilling som skal arbeide med å systematisere rutinar og vurdere og prøve ut ulike tiltak for målgruppa.

Målgruppe er blant anna:

  • husstandar som leiger kommunale bustader,
  • husstandar som leiger/eig privat bustad og som kjem i kontakt med helse- og sosialtenesta på grunn av betalingsproblem
  • husstandar som leiger kommunal bustad etter oppfølgingsavtale.

Prosjekt har valt å konsentrere seg om nordre og austre del i Stavanger, Hundvåg og Storhaug, på bakgrunn av resultat frå rapporten  ”Levekår i Stavanger” (2006).

Prosjektet har målsetting om at ingen som bur innanfor prosjektområde skal få krav om og/eller bli kasta ut utan at tiltak er prøvd ut på førehand.

Opprettet: 04.10.2006 - Sist oppdatert: 04.10.2006