Bygdeutviklingsprisen
Bygdeutviklingsprisen er ein bedrifts- eller næringsutviklingspris for kundar i Innovasjon Norge som i løpet av dei siste 5 åra har fått finanisiering til etablering eller vidareutvikling av ei vellukka bedrift med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.
Kandidatane vert vurdert etter økonomisk resultat, sysselsetting (særlig for kvinner og ungdom), miljøeffekt, utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet og nyskaping/orginalitet.
I kvart fylke vert det kåra ein fylkesvinnar, og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen. Dei fylkesvise prisane er på 50 000 kroner og hedersdiplom, og den nasjonale prisen på 100 000 kroner og hedersdiplom.
TIDLEGARE VINNARAR:
- 1997 Ivar Løne, Voss - Hordaland:
Foredling av smalahove og serveringsverksemd der kulturoppleving, smalahove og vossaøl er berande element - 1998 Aron Mat, Tromsø (Blåmannsvik ) - Troms:
Foredling av kjøtt. Seinare deltakar i eksportframstøyt av fenalår til Italia - 1999 Fausko gard og skysstasjon, Hemsedal - Buskerud:
Gard med økologisk drift og nyrestaurert skysstasjon. Kurs- og konferansemarknaden kombinert med opplevingar og matkultur. Medlem i Norsk Gardsmat - 2000 Solem Sag ANS, Øvre Surnadal – Møre og Romsdal:
Utnytting av nordmørsfurua til spesialprodukt. Sortimentet består av lafteplank, spesialdimensjonar, villmarkspanel, dekksplank og møbelemne av gråor - 2001 Gangstad Gårdsysteri, Inderøy – Nord-Trøndelag:
Produksjon av camembert, muggost, salatost og konfektost som vert selt gjennom gardsbutikk og spesialbutikkar i Oslo, Stavanger og Trondheim - 2002 Steindal Gård, Randaberg – Stavanger:
Grøn omsorg, bl.a. bu- og arbeistrening for psykiatriske pasientar - 2003 Pruglhei gård, Rana, Nordland:
Slakteri, matforedling, servering, gardsbutikk - 2004 Line Bergsund og Trond Anderssen, Ringerike – Buskerud:
Trening av travhestar