| Faglig innhold : |
TRAS (Tidlig registrering av språkutvikling) er eit observasjonsmateriell som gjev informasjon om språk og språkutvikling hjå barn. Det er meint til bruk i barnehagen. Materiellet gjer det mellom anna mogleg å vurdere barnet si språkutvikling i høve til kva som er forventa på ulike alderssteg. TRAS-materiellet består av observasjonsskjema og ei TRAS-handbok. Handboka inneheld mellom anna åtte artiklar frå område som observerast i skjemaet (samspel, kommunikasjon, merksemd, språkforståing, språkleg medvit, uttale, ordproduksjon og setningsproduksjon). TRAS er mynta på barn mellom 2 og 5 år, og det er knytta tre spørsmål til kvart alderssteg frå dei ulike observasjonsområda. |