Dette kan du få når du går på vidaregåande

Når du er elev eller lærling i vanleg vidaregåande opplæring, kan du ha rett til ulike stipend og lån. Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få.

Kor mykje du kan få, vil blant anna kome an på

  • kva for utdanning du tek
  • inntekta og formua til forsørgjarane dine
  • eventuell eiga trygd, pensjon eller lærlinglønn
  • om du bur saman med foreldra dine eller for deg sjølv

Frå hausten 2007 kan alle i Vg2 få stipend til nødvendig utstyr i opplæringa. Les meir under utstyrsstipend.

Fristen for å søkje støtte er 15. november for hausten og 15. mars for våren.

Les mer om kor mykje du kan få under Bur heime eller Bur borte.