Ettergiving etter langvarig utdanning

Ordninga med ettergiving ved langvarig utdanning slutta 1. august 2003. Dei som var i gang med slike studium kan likevel på visse vilkår få sletta lån dersom dei sluttar seinast våren 2007.

Overgangsordning

Overgangsordninga gjeld alle studentar som i løpet av 2002-2003 hadde begynt på hovedfag, mastergrad eller på fjerde året av ei profesjonsutdanning som i 2002-2003 ga rett til ettergiving. Det er ein føresetnad at utdanninga blir avslutta seinast våren 2007. Dersom du gjekk på bachelor eller cand. mag nivå våren 2003, vil du ikkje kunne få ettergiving for langvarig utdanning.

Det er ikkje nødvendig at lånet er teke opp til den utdanningen ettergivinga gjeld.

Utdanningar som er inkludert i ordninga

Sjå lista over utdanningar i forskrifta om tilbakebetaling fjerde del.

Ettergiving blir gitt slik

Normert tid Ettergitt beløp
10 semestre inntil kr 22 965
11 semestre inntil kr 35 555
12 semestre inntil kr 47 905
13 semestre eller flere inntil kr 54 180
Forseinking i utdanninga gir ikkje grunnlag for utviding av normen. Søkjarar som bruker kortare enn normert tid, er også omfatta av ordninga.

Slik får du ettergiving

Grad ved norsk lærestad: Dersom du tek utdanninga di i Noreg, og kjem inn under overgangsordninga, vil du normalt få ettergiving utan å søkje sjølv. Lærestaden vil sende inn opplysning om bestått eksamen/grad for deg. Studentar ved NTNU må likevel søkje sjølv, sidan det er vanskeleg å skille ut dei studentane som omfattast av ordninga. Dette kan bli tilfellet for andre lærestader også, så vi ber studentane å følgje med om dei får ettergiving, og ta kontakt dersom dei innan eit halvt år frå eksamen er avlagd, ikkje har fått brev om ettergiving.

Grad ved utanlandsk lærestad: Dersom du tek utdanninga i utlandet, må du søkje om ettergiving sjølv. Du finn blankett under "Blanketter og brosjyrer"

Kvifor sluttar ordninga

Slettinga av lån etter fullført langvarig utdanning blei innført i 1988 for å stimulere studentar til å ta hovedfag og profesjonsutdanningar på tilsvarande nivå, i ein periode der rekrutteringa var dårleg. Det er den ikkje lenger. Desse utdanningane blir også litt kortare ved innføringa av nytt gradssystem i høgare utdanning, noko som gjer gjeldsbyrden ved å ta slike utdanningar lågare.