Rentefritak ved fulltidsarbeid med låg inntekt

Har du fulltidsarbeid med svært låg inntekt, kan du få sletta renter.

Krav

  1. Du må ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i minst tolv månader
  2. Bruttoinntekta di per månad må ikkje ha vore over 10 655 kroner i gjennomsnitt i den same perioden. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 1 500 for kvart barn.
  3. Den samla inntekta til deg og ektefellen, sambuaren eller den registrerte partnaren din må ikkje vere høgare enn 29 960 kroner brutto per månad. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 3 000 for kvart barn. Som sambuar blir rekna sambuar som låntakaren har felles barn med.

Rentefritak kan bli gitt for inntil tre år til saman.

Slik søkjer du

Bruk søknadsblankett I. Skriv ut blanketten her. Betalingsutsetjing søkjer du om før terminforfall, rentefritak kan du berre søkje om for periodar som er tilbakelagde. Har du rett til rentefritak, har du også rett til betalingsutsetjing.

Dokumentasjon:

  1. Stadfesting frå arbeidsgivar på perioden du har hatt fulltidsarbeid, og på bruttoinntekta per månad i perioden.
  2. Stadfesting på bruttoinntekta per månad for ektefelle, sambuar eller registrert partnar.
  3. Fødselsattest for barn du forsørgjer.