Fast eller flytande rente

Du kan velje mellom fast og flytande rente. Låntakarar som ikkje søkjer om fast rente, får flytande rente.

Flytande rente vil seie at renta endrar seg i takt med rentemarknaden. Terminbeløpet vil variere etter kva renta er. I Lånekassen blir den flytande renta fastsett for tre månader om gongen.

Fast rente vil seie at du bind deg til å ha same rentesatsen i tre eller fem år. Du får same terminbeløpet i heile bindingsperioden. Når bindingstida er ute, går du automatisk over til flytande rente.

Ny sjanse kvar tredje månad

Alle kundar som har flytande rente, har kvar tredje månad sjanse til å velje fast rente. Du kan altså inngå fastrenteavtale frå desse datoane: 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober.

Søknadsfristen er den 10. i den månaden du søkjer fast rente frå.

Du får ikkje vite kva terminbeløpa blir med ny rentesats før du får vedtaket om at fast rente er innvilga.

Avtalen kan ikkje seiast opp

Avtalen kan ikkje seiast opp, men han blir oppheva dersom du får støtte frå Lånekassen til ny utdanning.

Innfrir du lånet, blir avtalen avbroten, og du må i somme tilfelle betale ei renteerstatning til Lånekassen. Les om renteerstatning ved ekstra innbetaling eller innfriing.

Ikkje alle kan binde renta

Du kan ikkje få fast rente dersom du

  • har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida
  • har fått lånet oppsagt på grunn av manglande betaling
  • har fått gjeldsordning etter gjeldsordningslova
  • er umyndig
  • får støtte til deltidsutdanning