Opplysningsplikt
Du har plikt til å melde frå dersom det blir endringar i forhold til det du har opplyst i søknaden, og om du avbryt utdanninga.
Du må melde frå til Lånekassen dersom du
- avbryt eller tek ein pause i utdanninga
- skifter lærestad eller endrar den faglege planen
- endrar bustadadresse eller sivilstand
Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje pengane tilbake. Vi kan også nekte å gi deg meir utdanningsstøtte.