Når du blir sjuk under utdanninga

Blir du sjuk under utdanninga og ikkje kan følgje undervisninga, kan du få lån omgjort til stipend.

Blir du sjuk og av den grunn ikkje kan følgje undervisninga, har Lånekassen ei ordning med omgjering av lån til stipend for sjukdomsperioden. I tillegg kan sjukdom hos eigne barn under ti år gi rett til sjukestipend etter dei same reglane som ved eigen sjukdom.

Kor lenge?

Du kan få gjort om lån til stipend for inntil fire månader og to veker i løpet av eit undervisningsår. Lån for dei første 14 dagane av den tida du er sjuk (karenstid), kan ikkje bli gjort om til stipend. Med andre ord vil denne ordninga først gjelde når du er sjuk i meir enn 14 dagar.

Vilkår

Du kan berre få omgjort lån til stipend for sjukdomsperiodar som oppstår etter at søknaden om lån er kommen inn til Lånekassen. Dessutan er det sett som vilkår at du

  1. ikkje er sjuk når undervisninga startar. Vi kan gjere unntak dersom du er i gang med ei fleirårig utdanning.
  2. er heilt studieufør, det vil seie at du må vere ute av stand til å følgje undervisninga, studere heime, levere oppgaver eller delta på eksamen i den tida du er sjuk.
  3. ikkje får sjukepengar, attføringspengar eller rehabiliteringspengar frå folketrygda i sjukdomsperioden.

Kronisk sjukdom

Kronisk sjuke vil til vanleg ikkje bli omfatta av ordninga, fordi det er eit krav at du er frisk når skoleåret/semesteret startar. Er sjukdommen slik at det berre er i periodar du er så sjuk at du er heilt studieufør, kan du likevel søkje om omgjering for desse periodane, dersom dei varer i meir enn 14 dagar.

Graviditet

Dersom du blir sjuk i svangerskapet, kan du ha rett til å få gjort lån om til stipend. Du kan også ha rett til fødselsstipend. Kvinner som får barn medan dei er i utdanning, kan få fødselsstipend frå Lånekassen. Les meir om fødselsstipendordninga.

Slik søkjer du

Du må bruke søknadsblankett S, som du skriv ut frå Blankettar og brosjyrar. Du må få ei stadfesting frå legen eller andre med rett til å gi sjukmelding (gjeld for eksempel enkelte manuellterapeuter og kiropraktorer) og sende søknaden til oss seinast seks månader etter at undervisningsåret eller kurset er avslutta.