Førebels vurdering
Lånekassen kan gi ei førebels vurdering (tidlegare kalla økonomisk garanti) til utdanning i USA og Canada – og berre til desse landa.
Vurderinga bruker du når du søkjer om opptak til ein lærestad, og når du søkjer om opphaldsløyve. Den gir ikkje nokon garanti for at du har rett til støtte til utdanninga du planlegg.
Lånekassen kan ikkje gi ei førebels vurdering for studiar som startar neste studieår (haust/vår) før tidlegast 1. desember året før. Dette avheng av når statsbudsjettet er klart i Stortinget.
Når du søkjer om opptak i land utanfor USA og Canada, er det som oftast nok å skrive at du søkjer om støtte frå Lånekassen. Lærestadene vil dessutan godta økonomisk garanti frå ein bank eller frå foreldra dine.
Her er namnet på Lånekassen på ulike språk:
| Engelsk |
The State Educational Loan Fund, Norway |
| Tysk |
Die staatliche Darlehnskasse für Ausbildungszwecke, Norwegen |
| Fransk |
La caisse nationale de prêts pour l’éducation, Norvège |
| Spansk |
Caja nacional de préstamos para la Educación, Noruega |
| Italiensk |
Cassa Nazionale di prestiti per l’Educazione, Norvegia |