Språkstipend

Er du teken opp i ei heil utdanning i utlandet som gir rett til støtte, og som har eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du få 15 270 kroner i stipend til eit førebuande språkkurs.

Kurset må vare i minst fire veker med minimum 15 timar undervisning per veke. Du må til vanleg ta kurset i det landet du studere, som må vere eit ikkje-engelskspråkleg land utanfor Noreg. Stipendet kan også gjeast til utdanning i Finland og på Island.

Det er ein føresetnad at du er teken opp i hovudutdanninga, og at språkkurset blir teke før du tek til på hovudutdanninga. Tek du ei heil grad, kan inntil to veker av språkkurset gå parallelt med hovedutdanninga. Dersom du tek delstudium, må du vere ferdig med språkkurset før du begynner på hoveddelen av utdanninga.

Du kan ikkje få ordinær støtte for same periode som du får språkstipend.

Språkstipend kan også gis når du skal ta ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg, i utlandet. Les meir om støtte til delstudier.

Sånn søkjer du

Du søkjer om språkstipendet samstundes som du søkjer om vanleg støtte. Bruk nettsøknaden, det er enkelt og raskt for deg. Legg ved stadfesting på opptak til språkkurset. Start- og sluttdato for språkkurset og talet på undervisningstimer per veke må gå tydeleg fram av stadfestinga.

Stipend frå andre

Vær merksam på at stipend frå andre til språkkurs fører til reduksjon i språkstipendet.

Desse får ikkje språkstipend

Du kan ikkje få støtte til språkkurs til same språk meir enn ein gong. Du kan heller ikkje få språkstipend dersom du får eller har fått støtte til tilretteleggingssemester innan same språk.