Førehandsvurdering
Lånekassen sine førehandsvurderingar gjeld om utdanninga du planlegg å ta i utlandet kan gi rett til støtte. Dersom du ønskjer ei førehandsvurdering av ei utdanning, bør du starte planlegginga i god tid.
Det er raskt og enkelt for deg å få svar i oversikta over lærestedar og utdanningar.
Lånekassen treng dokumentasjon for å kunne vurdere utdanninga. Førespurnader om førehandsvurderingar kan ikkje ferdigbehandlast før all relevant dokumentasjon ligg føre.
Dette må du sende inn
Du kan bruke e-post eller brev.
- lærestaden sitt namn
- lærestaden si nettadresse, om ho fins
- kva grad utdanninga leier fram til
- studiebelastning
- opptakskrav, nivå, varigheit og nøyaktig namn på utdanninga
Du kan bli bedt om å innhente kjenning frå ein norsk lærestad om utdanninga kan godkjennast som tilsvarende ei heil eller delar av ei norsk bachelor- eller mastergrad.
Ein førespurnad om førehandsvurdering tar til vanleg ikkje meir enn ein månad å behandle. Behandlinga kan ta lengre tid dersom Lånekassen må kontakte Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) eller Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH) for veiledning.
Dokumentasjonen kan vere på norsk, svensk, dansk, engelsk, tysk, italiensk, fransk eller spansk.
Godkjenning og autorisasjon
Lånekassens førehandsvurderingar er ikke tilsagn om at den aktuelle utdanningen gir generell eller faglig godkjenning i Noreg. Sjå nettstadene til NOKUT og SAFH for meir informasjon om godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg og autorisasjon av helsepersonell i Noreg.