Delstudium

Delstudium er studieopphald i utlandet som del ein av ei høgare utdanning du er i gang med i Noreg.

Kva for utdanning kan du få støtte til?

Følgjande krav gjeld for delstudium i utlandet

  • Opphaldet må vere godkjend av den norske lærestaden som ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg
  • Opphaldet skal ikkje gjere at du blir forseinka i utdanninga din
  • Du må vere teken opp ved det utanlandske universitetet eller høgskolen

Inngår opphaldet i eit fast utvekslingsprogram som gir rett til støtte, som til dømes ERASMUS-program, treng du ikkje noko særskild godkjenning. Vi kan gi støtte til godkjend praksis i utlandet når praksisopphaldet er ein del av utdanninga i Noreg.

Utanlandske statsborgarar kan få støtte til delstudium i utlandet i inntil eitt år, når dei får støtte til utdanning i Noreg.

Varigheit

Opphaldet i utlandet må vare i minst fire veker for at Lånekassen skal rekne det som eit delstudium. Det er gjort unntak for kortare kurs ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma. Andre opphald under fire veker blir rekna som studieturar og gir ikkje rett til ekstra støtte. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphold etter avslutta utdanning.
 
Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge dette ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.