Trygd
Stipendet du får utbetalt er ikkje endeleg fastsatt når du får pengene eller når eksamen er bestått. Alle blir automatisk kontrollerte når likninga er ferdig, det vi seie eitt til to år etter at du fekk pengane.
Trygd inngår som ein del av personinntekta, men det er ulike fribeløp for ulike typar trygdeytingar. Det fins òg visse trygdeytingar som vi ser heilt bort frå når vi gjer om stipend til lån.
Trygdeytingar med same fribeløp som personinntekt
- Fødselspengar
- Sjukepengar
- Dagpengar under arbeidsløyse
- Adopsjonspengar
For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha over desse fribeløpa:
| År |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2004 |
kr 104 500 |
kr 261 250 |
| 2005 |
kr 108 680 |
kr 271 700 |
| 2006 |
kr 113 027 |
kr 282 568 |
| 2007 |
kr 116 983 |
kr 292 458 |
| 2008 |
kr 122 247 |
kr 305 618 |
| *Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget. |
Trygdeytingar med lågare fribeløp enn personinntekt
- Stønad til einsleg mor/far
- Attføringspengar
- Rehabiliteringspengar
- Tidsavgrensa uførestønad
- Uførepensjon
- Barnepensjon
- Etterlattepensjon
- Alderspensjon
- Introduksjonsstønad
For å behalde maksimalt stipend, kan du ikkje ha trygdeytingar over desse fribeløpa:
| År |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2004 |
kr 55 910 |
kr 156 750 |
| 2005 |
kr 58 150 |
kr 163 020 |
| 2006 |
kr 60 476 |
kr 169 541 |
| 2007 |
kr 62 593 |
kr 175 475 |
| 2008 |
kr 65 409 |
kr 183 371 |
| *Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget. |
Trygdeytingar som vi ser bort frå
- Kontantstøtte
- Barnetrygd
- Skattefrie attføringsstønader
- Eingangsstønad ved adopsjon
- Eingangsstønad ved fødsel
- Gravferdsstønad
- Grunn- og hjelpestønad
- Menerstatning ved yrkesskade
- Stønad til barnetilsyn
- Stønad ved helsetenester
- Utdanningsstønad
- Andre skattefrie ytingar
Desse trygdeytingane reknast ikkje som inntekt og speler difor ikkje noko rolle for kor mye stipend du får. Vi ser òg bort frå eventuelle bidrag du eller barna dine mottek.