Gå rett til innhold
 
Utskriftsvennlig side

ALLHAT-studien: Auka førekomst av hjartesvikt med doxazosin

(18.07.2000)

Alfablokkaren doxazosin (preparat i Norge: Carduran CR fra Pfizer og Doxazosin fra NM Pharma) er eit av fire middel mot høgt blodtrykk som har vore undersøkt i den store amerikanske ALLHAT-studien. Den delen av studien kor ein undersøkte doxazosin er stoppa mellom anna fordi ein fann høgare frekvens av hjartesvikt hos dei pasientane som blei behandla med doxazosin samanlikna med dei som fekk det vanndrivande medikamentet klortalidon.

Over ein periode på fire var det 8,1% av pasientane i doxazosin-gruppa og 4,5% av pasientane i klortalidon-gruppa som utvikla hjartesvikt. Det var og ei lita auke av hjerneslag i doxazosingruppa (om lag 19% auke samanlikna med klortalidon).

Det var inga auke i talet på dødsfall i doxazosin-gruppa. I Norge har ein allereie strengare reglar for bruk av doxazosin enn i dei fleste andre land. Resultata av ALLHAT-studien vil bli tatt opp til brei diskusjon på eit møte i biverknads- og etterkontrollgruppa (Pharmacovigilance Working Party, PhVWP) til den europeiske legemiddelkontrollen (EMEA) i juli 2000.

Statens legemiddelkontroll (SLK) hadde eit møte den 5. juni 2000 for å diskutere resultata av ALLHAT-studien med norske ekspertar og representantar for Pfizer. På møtet vart årsakene til auka førekomst av hjartesvikt diskutert. Foreløpig har ikkje forskarane funne noko endeleg forklaring. Truleg er det fleire faktorar som spelar inn. Klortalidon brukast for å behandle hjartesvikt, mens doxazosin ikkje har nokon effekt mot denne sjukdommen. Blodtrykket var også noko høgare i den gruppa som fekk doxazosin.

Inntil vidare meiner SLK at det ikkje er nødvenvig med noko øyeblikkeleg inngripen. SLK oppfordrar legar til å setje seg grundig inn i preparatomtalen i Felleskatalogen, særskild når det gjeld «kontraindikasjoner» og «forsiktighetsregler». Pasientar som brukar doxasozin-preparat bør lese pakningsvedlegget grundig og ta kontakt med lege dersom dei kjenner seg usikre. Pasientar bør ikkje slutte med desse preparata utan å ha snakka med legen sin.

Steinar Madsen
overlege, seksjon for medisinsk etterkontroll

Litteratur

  1. The ALLHAT Officers and Coordinators for the ALLHAT Collaborative Research group: Major Cardiovascular events in hypertensive patients randomized to doxazosin vs chlortalidon. The Antihypertensive and lipidlovering treatment to prevent heart attack trial (ALLHAT). JAMA 2000; 283: 1967–75.  (2000-04-19).


Tips en venn om denne siden

Henvendelser vedrørende kliniske utprøvinger sendes til