Om Statens lækjemiddelverk
Statens lækjemiddelverk skal sikra at alle lækjemiddel som vert brukte i Noreg, har god kvalitet, er trygge å bruka og har den ønskte verknaden.
Lækjemiddelverket er ein etat under Helse- og omsorgsdepartementet.
- Alle lækjemiddel som vert selde i Noreg, skal vera godkjende av Lækjemiddelverket.
- Vi informerer om effekten til lækjemiddel, tryggleik (biverknader), vilkår for Blåresept og pris.
- Det er strenge krav til produksjon, oppbevaring og sal av lækjemiddel. Vi fører tilsyn med at alle ledda i kjeda fram til pasienten oppfyller desse krava.
- Alle lækjemiddel må prøvast ut i forskjellige pasientgrupper (klinisk utprøving) før ein kan søkja om godkjenning. Vi passar på at dette skjer på ein trygg måte i Noreg.
- Det er eigne reglar for marknadsføring av lækjemiddel, og vi overvakar at reglane vert følgde.
- Lækjemiddel skal ikkje gi biverknader som er større enn nytten dei har. Vi overvakar biverknader, og har ei kontinuerleg vurdering av nytte og risiko ved bruk av lækjemiddel.
- Vi fastset prisar for lækjemiddel på resept, og vurderer søknader om refusjon (blå resept) for nye lækjemiddel.
Vi er 210 tilsette i Lækjemiddelverket.
Meir informasjon om oss
Tips en venn om denne siden