Gå rett til innhold
 
Utskriftsvennlig side

Lokalbehandling med botulinumtoksin kan gje muskelsvekking

(02.07.2007)

Injeksjon med botulinumtoksin skal hemme kramper lokalt i det injiserte muskelområdet. Enkeltrapportar om muskelsvekking, tale- og svelgjevanskar tyder på at toksinet i svært sjeldne tilfelle kan spreie seg og påverke også muskelområde som ligg langt frå injeksjonsstaden.

Botulinumtoksin vert brukt i behandling av muskelkramper. Det hemmar frigjering av acetylkolin  som fører til ein reversibel blokkering av nerveimpulsar til den muskelen det er injisert i. Dette hemmar muskelen si evne til å trekkje seg saman. Det er kjent at i svært sjeldne tilfelle kan lokale injeksjonar også medføre spreiing av toksinet til andre muskelområde lang unna den injiserte muskelen. Dette kan ha samanheng med at injeksjonen ikkje er sett på rett måte eller at det er gjeve for store dosar.

Symptom på spreiing av toksinet  kan vera kraftig muskelsvekking, tale- og svelgjevanskar. Dette er sett for alle botulinumtoksin-preparat på marknaden. Mest alvorleg kan systemiske reaksjonar vera hjå barn, hjå eldre med redusert pustefunksjon og hjå pasientar med kliniske symptom på kraftig muskelsvekking. Symptom på spreiing av toksin er oftast sett hjå pasientar med unormal muskeltonus og muskelsstivhet. Risikoen for slike systemiske reaksjonar er godt kjent og allereie teke med i preparatomtale og pakningsvedlegg.

Så langt er det rapportert kun eitt tilfelle med spreiing av toksin hjå ein pasient som fekk tåkesyn, generell muskelsvekking og talevanskar. Botulinumtoksin-preparat på marknaden i Norge er Botox, Dysport, NeuroBloc og Vistabel.

 

”Kjære helsepersonell”-brev


For å redusere risikoen for slike biverknader, er det på europeisk nivå fatta vedtak om at alle produsentar av slike produkt skal laga risikohandteringsplanar. Av tiltak i desse planane er blant anna fokus på opplæring av helsepersonell i bruk av rett dose og rett injeksjonsteknikk.
I desse dagane sender produsentane ut eit kjære helsepersonellbrev for å minne om denne svært sjeldne, men potensielt alvorlege biverknaden og for å gjera oppmersam på rett bruk og viktige advarslar.

 

Råd til legar/helsepersonell

  • Botulinumtoksinpreparat må berre administrerast av lege med erfaring, inkludert erfaring med bruk av nødvendig utstyr.
  • Administreringsteknikar og spesifikk dosering må vera i samsvar med bruksrettleiing for det enkelt preparat. Doseringsmengder med eitt preparat kan ikkje byttast ut med doseringsmengder for eit anna.  
  • Ekstrem varsemd må utvisast om botulinumtoksin må gjevast til pasientar med nevrologiske lidingar eller med tidlegare tale- eller svelgjevanskar.
  • Pasientar eller omsorgspersonar må informerast om risikoen for spreiing av toksin og oppfordrast til å oppsøkje lege umiddelbart ved svelgje-, tale- eller pustevanskar.

Råd til pasientar

  • Kontakt lege straks dersom du får symptom på muskelsvekking som tale-, svelgje- eller pustevanskar i etterkant av behandlinga.

Kontaktperson

Ingebjørg Buajordet, seniorrådgjevar
Avdeling for legemiddelbruk


Tips en venn om denne siden