Mattilsynet gjennomfører kvart år ulike overvakings- og kartleggingsprogram. Hovudmålet med dette er å halde oversikt over utvalde område som Mattilsynet har ansvar for. Det vert til dømes med jamne mellomrom teke prøver av eple for å kontrollere om dei inneheld rester av plantevernmiddel, og ein testar dyr for å finne ut kva for smittsame sjukdomar som finst eller ikkje finst i Noreg.
Informasjonen Mattilsynet hentar ut frå desse programma brukast til å kunne førebyggje, redusere eller fjerne uønska framandstoff, smittestoff eller gifter som finst i mat, drikke eller i levande dyr. Noreg er også, gjennom ulike internasjonale avtalar, pliktig til ha dokumentasjon over tilstanden på einskilde område som Mattilsynet har ansvar for.
I dei fleste overvakings- og kartleggingsprogramma vert det teke systematiske prøver over ein lengre periode. Enkelte overvakings- og kartleggingsprogram kan også gjennomførast i samband med særskilde omstende der det trengs meir kunnskap.
I menyen til venstre finn du oversikt over overvakings- og kartleggingsprogram.