Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Kristoffer Thoner, 2006-12-12


– Stiller sterkare

– Personar med utdanning frå Forsvaret stiller heilt klart sterkare i den sivile arbeidsmarknaden, meiner forsvarssjef Sverre Diesen.

Av Kristoffer Thoner, Forsvarets mediesenter

Foto: Per Arne Juvang, FMS
PLUSS MED FORSVARET: Det meiner forsvarssjef Sverre Diesen. Arkivfoto: Per Arne Juvang, FMS.

Det å ha ein gjennomførd fyrstegongsteneste på papiret, meiner general Sverre Diesen er eit klart pluss i margen.

– Eit klart fortrinn
– For det fyrste er dette menneske som har vore gjennom ein seleksjonsprosess, kor både mentalt og fysisk nivå vert vurdert. Vidare har dei gjennom krevjande opplæring og teneste utvikla sosiale eigenskapar som samarbeid, kommunikasjon og problemløysing i gruppe. Dessutan har dei ikkje minst utvikla evna til å motivera seg sjølv og andre. Dette er eit klart fortrinn òg i den sivile arbeidsmarknaden, seier generalen.

Trass i at gjennomførd fyrstegongsteneste vert lagt vekt på ulikt i forskjellige jobbar, er forsvarssjefen heilt sikker på at all tilleggskompetanse og røynsle er positiv.

– Og med ytterlegare utdanning under fyrstegongstenesten stiller ein openbart sterkare, påpeiker han.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
SAMARBEID: Landstillitsvald Axel Sjøstedt satsar på samarbeid med næringslivet. Arkivoto: Torgeir Haugaard, FMS.
– Viktig å samarbeida med næringslivet
Landstillitsvald Axel Sjøstedt i Vernepliktsrådet meiner det viktigaste er å heile tida kommunisera kva det nye forsvaret inneber for næringslivet.

– Eit samarbeid er viktig for at næringslivet skal verta meir kjend med fyrstegongstenesten. Utviklinga tilseier òg at Forsvaret må gjera seg sjølv meir attraktivt. Eg meiner all statusheving av fyrstegongstenesten og utdanning i Forsvaret har ein positiv effekt, seier Sjøstedt.

At eit år i Forsvaret i dag bør vera ein fordel i jobbsøkarsamanhengar, er han ikkje i tvil om.

– Det er jo eit år som ikkje liknar på noko anna år, seier han.




 

Relaterte artikler



– Forsvaret eit pluss 2006-12-06