
|
– Nesten ein dans på roser
Tempo og presisjon er to stikkord generalinspektøren for Heimevernet, Bernt Iver Ferdinand Brovold, nyttar for å skildre året som har vore og tida som kjem.
Av Thomas Gramstad og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

| | MYKJE Å FORTELJE: Generalinspektør Bernt Iver Ferdinand Brovold har saman med resten av Heimevernet vore gjennom eit innhaldsrikt år. |
Generalinspektør Brovold sit godt plassert i stolen sin. Han har mykje på hjartet, for det har vore ei travel tid. Mykje har endra seg – til det betre. Men Brovold vil ikkje gå med på å ta all æra sjølv.
– Omstillinga av Heimevernet går heilt i samsvar med planen. Dette skuldast i all hovudsak duglege og hardt arbeidande folk i organisasjonen. Dei har full forståing for kva vi skal oppnå. Eg må òg rose Forsvarets logistikkorganisasjon (Flo) for deira støtte som har vore ikkje anna enn imponerande, seier generalinspektøren.
Utfordringar
Ei av dei største utfordringane Heimevernet har stått overfor er i samband med dei nye reformene – kvalitets- og kulturreforma.
– Eg vil seie at den største utfordringa vi har møtt på er knytt til dei nye reformene. Med kulturreforma ynskjer Heimevernet å byggje opp ein solid kompetanse, samstundes som vi skal oppretthalde eit høgt tempo i anskaffinga av nytt materiell og ustyr i tråd med kvalitetsreforma. Omstillinga i Heimevernet er 25 prosent konkrete grep i form av kvalitetsreforma og resten 75 prosent kulturendring gjennom kulturreforma, fortel generalmajor Brovold.
Dessutan vart 18 Heimevernsdistrikt lagte ned og 13 nye blei oppretta. I følgje generalinspektøren har dette saman med ei rekkje andre tiltak gitt ei årleg innsparing på 250 millionar kroner. Under si årlege tale i Oslo Militære Samfund i haust vart Brovold spurt korleis han hadde greidd å gjennomføre desse endringane utan å få negativ omtale i media.
– Heimevernet har halde konstant fokus på omstillingsarbeidet. Det vi leverer er truverdig og meiningsfylt, noko heile Heimevernet skal ha ære for, svarte generalinspektøren for ein fullsett sal.

| | NYTT HEIMEVERN: Generalmajor Brovold presenterte "det nye Heimevernet" i Oslo Militære Samfund i byrjinga av november i år. |
Bursdagsbarnet
Men eit heilt uoverkommeleg år har generalinspektøren og Heimevernet ikkje vore gjennom. Han vel å sjå på dei mange gode hendingane 2006 har ført med seg. Blant høgdepunkta er 26. oktober, dagen då Hans Majestet Kongen overrekte Heimevernet sine nye faner. Dette markerte opprettinga av dei 13 nye Heimevernsdistrikta.
– Eg må vel seie at Hans Majestet Kongens overreking av dei nye fanene våre er eit absolutt høgdepunkt i år. Det er ein ny militær storhending, seier generalmajoren stolt.
Men, etter ei lita tenkjepause kjem Brovold på kva han ynskjer å framheve som det mest minneverdige i 2006.
– Eg trur likevel eg vil sjå på omstillinga av Heimevernet som toppen av året som har vore. Ho utgjer riktig nok den største utfordringa, men samstundes gir det mykje glede å kunne sjå at alt no går på skjener. Det er nesten slik at Heimevernets fødselsdag kjem heilt i skuggen her. Vi må ikkje gøyme dette viktige jubileet, ler generalinspektøren.
– Eit samla heimevern
Heimevernet går gjennom ei storstilt omstilling som skal vere ferdig innan utgongen av 2008. Generalinspektøren er heilt overtydd om at det er eit heilt nytt heimevern ein kan vente seg, men allereie no kan ein sjå konturane av nyskapinga.
– Du ser det allereie. Heimevernet skal vere synleg. Du vil sjå eit heimevern som er flink med sivilmilitært samarbeid, og som kan beskytte menneske og viktige samfunnsfunksjonar. I tillegg vil Heimevernet produsere og bidra med substansielle styrkebidrag til internasjonale operasjonar. Vi får meir og heilt moderne utstyr og betre mobilitet med mellom anna nye pansra kjøretøy. Men totalt sett vil ein kunne sjå eit samla heimevern. Sjø- og Luftheimevernet skal ikkje vere eit haleheng. Dei er siamesiske tvillingar, presiserer Brovold.

| | IKKJE ANTITERROR: Brovold presiserer at Heimevernet verken er eit reservepoliti eller driv med antiterrorverksemd. Heimevernet skal beskytte, og det er jo ein vesentleg skilnad, seier han. |
– Ikkje eit reservepoliti
Generalmajoren ynskjer å klargjere Heimevernet si rolle i samband med nedkjemping av terrorisme og andre asymmetriske trugsmål, altså trugsmål der fienden ofte nyttar små ressursar for å ta ut større mål. Han vil ikkje gå med på at Heimevernet er eit slags reservepoliti, ei heller ein antiterrororganisasjon.
– Det er eit militært behov for Heimevernet. Det er ikkje eit reservepoliti og driv ikkje med antiterror. Det er politiet og andre kapasitetar i Forsvaret som gjer dette. Heimevernet skal beskytte, og det er jo ein vesentleg skilnad, fortel generalmajoren.
– Ei kampsak
Generalinspektøren har mykje å fortelje, for det har vore eit år i storhendingane sitt teikn. Men før han gir seg er det noko han berre må få sagt:
– Eg har ei kampsak: No taper ein heimevernssoldat 10 000–30 000 kroner på å delta på årlege øvingar. Mannskapa vil noko, og dei elskar det dei driv på med. Vi må gi betre lønnskompensasjon til dei som er på desse øvingane. Det skal ikkje vere ulønsamt å gi eit bidrag, seier ein engasjert generalsinspektør, og avsluttar:
– Men eg må seie at folka som arbeider i Heimevernet er så flinke at jobben som generalinspektør nesten er ein dans på roser.
|

|