
|
Kritisk kapasitet snart klar
Tysdag denne veka samtykkja Stortinget at Forsvarsdepartementet kan kjøpe fire nye C-130 J Hercules-transportfly. Alt i oktober neste år skal det første flyet vere klart til levering.
Av Thomas Gramstad og Torbjørn Kjosvold (foto), Forsvarets mediesenter

| | NØGD: Sjef for 135-luftving, oberst Helge Lolland, er nøgd med at det no vert kjøpt fire nye C-130 J Hercules-transportfly. |
Kjøpet av nye transportfly gjer at Forsvaret igjen vil få ein fullverdig taktisk flykapasitet. Ved å kjøpe direkte gjennom det amerikanske luftforsvaret (Usaf) og få leveransar gjennom den amerikanske produksjonen, vil det neste flyet vere klart i 2009 og dei to siste i 2010.
– Tankegangen bak det raske kjøpet er at uansett kor mykje du oppgraderar gamle fly, vil dei framleis vere gamle og trenge mykje vedlikehald. Med nye fly får vi auka tilgjenge, og vi kan no levere den støtta Forsvaret har bruk for, seier sjefen for 135-luftving, oberst Helge Lolland.
Ny og gamal side om side
I nærare eitt år har fire av dei seks gamle transportflya til Forsvaret vore i eit vedlikehaldsprogram i Canada. Det er førebels ikkje heilt klart når desse er klare for levering, men dei skal vere i bruk til Forsvaret mottek dei nye maskinane.
– Vi har altså fly i venteperioden fram mot oktober neste år. Vi ventar å få att flya frå Canada om kort tid, opplyser oberst Lolland.
Men flya som ein får att har nokre restriksjonar og kan difor ikkje verte nytta til alle typar oppdrag.
– Dei gamle Hercules-maskinane har spesielt avgrensingar i sjølvverningsutrustninga og i radaren. Storleiken på trugsmålet på eventuelle operasjonsstader avgjer om vi nyttar desse flya. Men restriksjonane som førte til avgrensningar på flyinga, vert fjerna, seier luftvingsjefen.
Det er enno ikkje avgjort kva som vil skje med dei gamle C-130 H-flya når dei skal fasast ut.
– Det einaste eg kan seie er at vi tradisjonelt sett ikkje plar å vidareføre den gamle flota etter mottak av nye fly, held Lolland fram.

| | GLEDE: Hæren, som er den viktigaste brukaren av transportflya, kan endeleg utføre jobben sin. Dette er gledeleg, seier generalinspektøren for Hæren, Robert Mood. Arkivfoto: Forsvaret. |
Meir tid i lufta
Medan C-130 H-transportflya har ei tilgjenge på om lag 50 prosent, er tilsvarande tal over 80 prosent for dei nye. Det inneber mindre tid på bakken og meir tid i lufta.
– Med nye transportfly får vi auka tilgjenge. Det betyr også at sjølv om oppdraga er dei same, vil vår evne til å løyse dei bli betrakteleg betre, seier oberst Lolland.
Og for den kanskje viktigaste brukaren av transportflya, Hæren, er dette særs godt nytt.
– Eg er glad for at vi fekk ei løysing på dette. Transportflykapasiteten er veldig viktig for Hæren og gjer at vi kan løyse oppdraga vår på ein betre måte. Den auka tilgjenga gjer at vi betre kan planleggje våre operasjonar. Så dette er ein gledas dag, uttalar generalinspektøren for Hæren, generalmajor Robert Mood.
Ny teknologi
Reint utsjåandemessig er det ikkje mykje som skil nytt frå gamalt hos transportflya. C-130 J er mellom anna seks meter lengre enn sin forgjengar, men det er på innsida ein finn dei største forbetringane.
– Alle elektriske anlegg, avionikken og motorane er heilt nye og moderne. C-130 J vil kunne fly fortare enn forgjengaren og har større løftekapasitet. Og trass i at maskinane er seks meter lengre enn C-130 H, får dei plass i hangarane våre, forsikrar sjefen for 135-luftving, oberst Helge Lolland.
|

|