
|
Stor interesse for heimefrontmuseet
Det er to datoar som er viktigare enn andre i norsk krigshistorie: datoen for den tyske invasjonen av Noreg 9. april 1940 og frigjeringa 8. mai 1945. Noregs heimefrontmuseum i Oslo merkar då òg større pågang desse datoane
Av Olav Øye og Lars Petter Skillestad (foto), Forsvarets mediesenter
NØGD: Nestleiar Ivar Kraglund ved Heimefrontmuseet
- 9. april fører ikkje til radikalt høgare vitjingstal, men vi har merka ein liten topp dei to siste dagane, fortel Ivar Kraglund, nestleiaren ved Noregs heimefrontmuseum på Akershus festning.
Museet får auka merksemd om våren og utover sommaren; mellom anna kjem mange skuleklassar som knyter museumsvitjingar til undervisinga. Sjølvsagt kjem òg dei fleste turistane på denne tida.
- Krigen står enno sterkt i medvitet til folk. Oppgåva vår er å halde minnet levande, seier Kraglund. Samstundes freistar museet å understreke at tidsrekninga 9. april 1940 - 8. mai 1945 er eit veldig norsk perspektiv på krigen. Kraglund minner om at krigen føregjekk både før og etter desse datoane. Av og til kan det verte litt for mykje fokus på vår eiga historie, tykkjer Kraglund.
Gratis inngang
- 9. april er ein viktig minnedato for oss. Men det er skilnad på å markere og å feire. 8. mai er vår store dag. Da har vi gratis inngang, og kransenedlegging ved minnesmerket her på Akershus festning, fortel Kraglund.
Publikumstala har vore på eit stabilt, høgt nivå dei siste åra. Kraglund har fleire forklaringar på dette.
- Vi likar å tru at vi har eit bra museum. Vi ligg lagleg til her på toppen av Akershus festning. Det ligg sentralt, og det er mykje naturleg ferdsel her. Når statsoverhovud vitjar Oslo, er museet prioritert. Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet nyttar ofte Heimefrontmuseet i slike samanhengar. Det er ikkje få presidentar og kongar som har vore innom her, seier Kraglund.
Parade
Fleire stader i landet markerer Forsvaret i dag krigsutbrotet i Noreg 9. april 1940. Mellom anna stiller HMK garde med ein paradestyrke på Midtskogen ved Elverum.
På Midtskogen skal Hans Majestet Kongens garde halde ein minnemarkering for gardistar som var med i 2. verdskrig. Dette er ein tradisjon ein har halde i hevd heilt sia krigen slutta.
- Vi vil vise respekt for dei som deltok i krigen, og ikkje minst minnast dei som fall under krigshandlingane, fortel kaptein Olav André Meland, vakt- og paradesjef i Garden. Han meiner òg slike minnestunder er viktig for at ungdommen i dag ikkje skal gløyme krigen.
- Om vi ikkje hadde gjort dette, ville 1940 for mange snart verte eit gløymt kapittel. Dette er eit av året sine høgdepunkt for Garden, seier Meland. Garden held òg ei liknande markering 19. april.
|

|