Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2003-11-11


Klart for ordskifte om omstilling

På torsdag vil personell fra forsvarsleiinga og MFU (Militærfagleg utgreiing) legge fram dei førebelse slutningane om omstillingsarbeidet for dei tilsette i Forsvaret.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


FOKUS ELLER TUNNELSYN? Omstillinga av Forsvaret er ingen enkel prosess, og endringane vil utvilsomt verte gjenstand for eit kraftig ordskifte. Foto Torgeir Haugaard, FMS

For eit år sia kom forsvarsministerens føringer om korleis regjeringa ser for seg framtidas forsvar. Torsdag 13. november blir det holdt orienteringsmøter over heile landet der representantar frå forsvarsleiinga og MFU skal treffe leiing på lokalt/regionalt nivå samt dei tilsettes fagorganisasjoner. Da skal dei førebelse slutningane synes fram. Desse vil venteleg kome til å bli gjenstand for eit heftig ordskifte.

Avklaring før jul
Forsvarets operative struktur er under full omstilling. Logistikk og understøtting skal tilpassas denne, og dette vil medføre kutt i antall tilsette og lokaliteter i Forsvaret.
- Fram til 26. november vil det vere mogleg for organisasjonane å drøfte den logistikk og støttestruktur som forsvarssjefen førebels er kome fra til. Dette vil skje gjennom dei lokale arbeidsmiljøutvala. Etter det finn dei sentrale drøftingane sted. Deretter skal Forsvaret ta ei samla vurdering på kva slags tiltak som skal iverksettast, før statsråden får den endelege innstillinga den 8. desember, seier Christian Bugge Hjorth, seniorrådgjevar i MFU.

Politiske føringar
Dei politiske ramane for Forsvarssjefens militærfaglege utgreing er satt av den politiske leiinga i Forsvarsdepartementet. Statsråd Kristin Krohn Devold har forklart målsettinga med ramane tidlegare, og har mellom anna slått fast at dei skulle klargjere politiske forventningar til Forsvarets verksemd på sentrale områder. Og det forventes at Forsvaret gjennom MFU kjem med klare og konkrete innspel til korleis Forsvaret kan utvikle ein meir kostnadseffektiv organisasjon.

- Meir konkret
- Vi kan ikkje kome i ein situasjon som i nåværende omlegging, der bare omkring 60 prosent av reduksjonsmålsettingane faktisk er konkretisert på tiltaksnivå, sa statsråd Krohn Devold i eit innlegg på Forsvarets intranett i november i fjor. I innlegget ba Krohn Devold om utforming av nye krav til kostnads- og personellreduksjonar, og varsla at departementet også ynskja å gje innspel i den prosessen.




 

Relaterte artikler



Ny struktur presenteres 2003-11-13