
|
- Kfor-soldatane gjer ein kjempejobb
- Dei norske Kfor-soldatane som sidan onsdag ettermiddag har gjort masseteneste sør for Pristina gjer ein særs god jobb, understrekar sjef ved Fellesoperativt hovudkvarter, generalløytnant Thorstein Skiaker.
Av Frank Rosvoll og Endre Hjelseth, Forsvarets mediesenter og Norwegian Task Force (foto)
SPERRAR: Dei norske Kfor-soldatane prøvar å halde albanare fra å kome inn i dei serbiske landsbyane like sør for Pristina. Provinshovudstaden kan skimtast i bakgrunnen.
Soldatane er førebudde på å møte nye opptøyar, fast bestemt på å løyse dei oppgåvene som blir gitte dei. Dei norske Kfor-soldatane står fredag formiddag på andre døgnet i vernebuing sør for Pristina. I løpet av natta har det vore stille og roleg. Men det blir forventa at opptøyane i Kosovo kan fortsetje.
- Vi har i løpet av natta fått vedlikehalde materiellet og soldatane har fått kvile. Stemninga blant dei norske soldatane er god situasjonen teken i betrakning, seier oberstløytnant John-Arne Nyland som er nestkommanderande i den norske kontingentstaben i Kfor.
HELD STILLINGA: Demonstrantane kastar stein mot dei norske Kfor-soldatane.
Ingen nye skadar
8 av dei 20 norske soldatane som blei skadde i opptøyane på onsdag er enno ikkje tilbake i teneste ved avdelingane sine. Tilstanden blant dei skadde soldatane er stabile og gode. Skadane på soldatane er av lettare art, den alvorligaste ein hjernerysting. I løpet av gårsdagen var det ikkje fleire soldatar som blei skadde. Dei andre som kom til skade under opptøyane er for det meste i aktiv teneste i sine respektive avdelingar.
- Våre soldatar er godt trena og førebudd på slike situasjonar som dei har opplevt dei siste dagane, understrekar oberstløytnant Nyland.
MASSETENESTE: Dei norske soldatane er godt utrusta.
Spesialtrena for masseteneste
Omkring 250 soldatar av Innsatsstyrken - Norwegian Task Force - er sat inn for å hjelpe til å kvele opptøyane. Personellet er spesielt godt rusta til å utføre masseteneste, noko dei klart har vist dei siste dagane i Kosovo. Soldatane som blei sat inn for å hindre at opptøyane spredde seg, utfører det krevjande oppdraget særs godt.
- Svært gode førebuingar før utreise, kombinert med svært godt utstyr, har vore avgjerande faktor for ei profesjonell framferd, seier generalløytnant Thorstein Skiaker.
Før soldatane starta tenestegjering i Kosovo har dei trena spesielt mykje på å drive masseteneste.
- Dei norske soldatane har heile tida vore godt førebudd på ein slik type teneste. Dei er trena for det, og dei har det nødvendige utstyret. Vi ser no at dei løyser denne typen oppdrag på ein mykje tilfredsstillande måte, seier Grethe Skundberg, informasjonsrådgivar ved Fellesoperativt hovudkvarter i Stavanger.
|

|