
|
Pustepause i Kosovo
I går blei dei siste medlemene av den norske innsatsstyrken Norwegian Task Force trekte inn til leiren som reserve, etter å ha avslutta to veikontrollpostar i nærleiken av Mitrovica i Kosovo.
Av Frank Rosvoll, Forsvaret sitt mediesenter
GODE SKUSSMÅL: Innsatsstyrken har fått særs gode tilbakemeldingar frå Kfor-leiinga, etter innsatsen i samband med opptøyane i Kosovo. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvoll, FMS
Uroa i Kosovo ser ut til å ha dempa seg noko, men dei norske soldatane er i vernebuing. I løpet av helga blei innsatsstyrken forsterka ved at drygt 50 av medlemane i avdelinga braut av sin permisjon i Noreg og gjorde vendereis til Balkan.
- Vaktbelastninga på samtlege norsk personell her nede har vore stor, og vi må framleis vere førebudde på å rykkje ut med folk. I denne situasjonen treng vi å ha alt personell tilgjengeleg, seier kaptein Jan Harald Tomassen, presse- informasjonsoffiser i innsatsstyrken.
Inntil vidare er personellet i innsatsstyrken inne i leiren for restitusjon og klargjering.
Naudsynt trening
Den norske Kfor-styrken har spelt på alle tilgjengelege ressursar i veka som gjekk. Folk frå verkstad og logistikk har kome inn i vanlege geværkompani- og vaktfunksjonar. Det har vore liten eller ingen rotasjon, slik at vaktbelastninga har vore forholdsvis hard, opplyser kaptein Tomassen. No får personellet høve til å puste ut etter den mest dramatiske veka på lenge i Kosovo.
- Opplevingane har vore mange og dramatiske. No er det viktig at personellet i innsatsstyrken bruker tid på å dele erfaringane og prate ut om opplevingane, seier Tomassen.
Gode førebuingar
I løpet av dei brutale opptøyane i Kosovo blei 20 norske soldatar skadde. 15 av desse er no tilbake i teneste. Tomassen seier til Forsvarsnett at det har gått utruleg bra med dei norske soldatane som var med å kvele dei veldige opptøyane. Gode førebuingar er noko av svaret på kvifor det gjekk så bra, trur kapteinen.
- Til tider har det nok blitt stilt spørsmål ved det store fokuset vi har hatt på å trene masseteneste. Kompetansen på dette viste å bli svært viktig, og innssatsstyrken har fått særs gode skotsmål frå Kfor for den jobben dei har gjort, seier kaptein Jan Harald Tomassen.
|

|