Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-04-22


Nøgde luftvernarar

RYGGE: 20 befal frå Litauen er i desse dagar på kurs i Noreg. 16 av desse er på Rygge Flystasjon, der kurs på Robot 70 står på programmet.

Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter


LÆRENEMME: Soldatane frå Litauen har ikkje hatt problem med å lære dei nye systema dei vert introduserte for.

I litt over ei veke har dei baltiske offiserane vore i Noreg på kurs. I fem heile veker skal dei undervisast i korleis dei norske systema skal brukast, før dei skal attende til Litauen for å vere instruktørar for soldatar der.

Inspiserte arbeidet
Det er befal frå den litauiske luftvernbataljonen som no er på Rygge. To fenrikar og 18 sersjantar er sende til Noreg for å lære seg korleis Litauen skal greie å ta i bruk det nye luftvernsystemet sitt.
- Teknikken er heilt lik dei rakettane me har brukt tidlegare, men i høve til kanonane som me hadde tidlegare er det stor forskjell, seier fenrik Laurynas Ivanauskas.


Prosjektet med overføring av materiell frå Noreg til Litauen starta nokre år tilbake, i ein samtale mellom forsvarsministrane i dei to landa. Når no prosjektet har kome so langt som det har, er personellet som er involverte veldig nøgde.
- Eg var med på å utarbeide ei studie på om dette var noko Litauen hadde bruk for, seier luftverninspektør oberst Bernt Erik Børresen (biletet). Han har vore med på prosjektet frå det var i startgropa, og var i går på Rygge for å inspisere soldatane som no er der.

Jobba eit år
Fire av dei som no er i Noreg vil verte nestkommanderande for troppene sine med sine rakettkunnskapar, og to vil verte nestkommanderande for troppa si på radarområdet. Resten av dei tjue vil ende opp som lagførarar når dei kjem attende til Litauen.

Avdelinga som driv utdanninga på Rygge er SHORAD (Short Range Air Defence). Denne avdelinga ligg under Forsvarets luftverns skyteskule, som igjen er ein del av Forsvarets luftvern utdanning- og kompetansesenter.
- Dette har gått heilt etter planen, seier major Geir Ebbe Strøm, som er avdelingsleiar i SHORAD. Han kan fortelje at avdelinga har vore inne i prosjektet i om lag eit år med møter både i Litauen og i Noreg, heilt fram til litauarane kom til Noreg 13. april.


STARTFASEN: -Me er i byrjinga på eit godt samarbeid, trur fenrik Ivanauskas frå den litauiske luftvernbataljonen.

Byrjing
- Me er ei skuleeining i Forsvaret, så alt bør gå etter planen, smiler han, før han legg til at utfordringa dei har merka mest til er språkbarrieren som vert mellom dei norske soldatane og litauarane som skal undervisast.
- Det er motiverande å vere med på denne typen internasjonalt arbeid, seier Strøm.

Han seier at arbeidet ved avdelinga får eit litt anna mål desse vekene enn det som er vanleg.

- Dette er eit bra eksempel på at me er i byrjinga av eit godt samarbeid, seier fenrik Ivanauskas, som nett har fått to flagg i staden for eit i leiren sin i Litauen.





 

Relaterte artikler



Fullført luftvernutdanning 2004-05-14





Litauen mottok luftvernutstyr 2004-11-16