
|
50 år sidan Catalina-havariet
Søndag 28.mars 1954 havarerte catalinaflyet frå 333-skvadronen ved Andøya flystasjon på Bjørnøya. Sist helg vart ulukka, der åtte personar frå Forsvaret vart drepne, markert på Andøya med etterlatne til stades.
Av Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem, Forsvarets mediesenter
SAMLING: Stasjonsprest Freddy Øverland held minnestund på utsida av skavdronsbygget på Andøya flystasjon. Foto: Andreas Grindvoll
Oberstløytnant Bernt Matiniussen, stasjonssjef på Andøya, starta dagen med ein tale. Deretter gav han historisk brief om historia til skvadronen samt om 333 skvadron i dag. Etterpå vart det lese opp frå havarikommisjonsrapporten. Dette for at dei pårørande verkeleg skulle få eit innblikk i kva som eigentleg skjedde.
Av dei ni om bord omkom åtte i havariet. Det er i år 50 år sidan ulukka. I den anledninga ønska Luftforsvaret og Andøya flystasjon å æra dei som falt i teneste ved ei minnemarkering for pårørande og etterlatne.
Ein overlevde
Den einaste som overlevde ulukka på ein mirakuløs måte var vingsersjant Paul Olsen – 2.telegrafist. Han vart funne ved sida av flyvraket av stuar Einar Strand og telegrafist Alv Alvær. Olsen fortsette sin karriere i Forsvaret og døydde seinare i 1982. FANT FLYET: De to eldre herrene er personane som fant den overlevande og det havarerte flyet. Frå venstre: Stuar Einar Strand og telegrafist Alv Alvær. Foto: Andreas Grindvoll
- Det vart kjenslemessig sterkt, historier og ulike menneskeskjebnar kom fram. Pårørande takka for at dei verkeleg fekk vete kva som skjedde på ulokkedagen. Dei sette stor pris på ei slik markering sidan det aldri har skjedd før, seier Martiniussen.
Mange deltok
Det var pårørande der frå syv av dei åtte omkomne, i tillegg til Olsens familie, Strand og Alvær. Fleire avdelingar stod på for å få dette gjennom. Forsvarets logistikkorganisasjon/transport (FLO/trans) stelte velvillig opp med flybillettar for å få pårørande og etterlatne til Bodø.
- Kjempefin, var responsen frå pårørande då dei fløyg i formasjon over Bjørnøya sist laurdag og sleppte ut bukettar. Enkelte pårørande hadde også med blomar som vart sleppt over krasjstaden, legg Martiniussen til.
BJØRNØYA: Her nærmer orionflyet seg havaristedet der det skal sleppas ein krans til minne om dei falne. Foto: Stein Håkon Eilertsen, 333 skavdronen
Søndag var det mellom anna minneord frå feltpresten, kaptein Freddy Øverland. Heile seremonien med dei pårørande og etterlatne vert avslutta med kransenedlegging ved minnebautaen på Andøya.
MINNES: Oberstløytnant Bernt Martinussen, sjef for 333-skavdronen, minnes dei falne etter at han har lagt ned krans på minnemerket. Foto: Andreas Grindvoll
|

|