Publisert: 21. December 2007
Noregs musikkhøgskole legg stor vekt på at studentane skal få tilbod om høg kvalitet på utdanninga. Det handlar til dømes om:
• at studentane opplever studiet som meiningsfullt
• at undervisning og rettleiing er av høg kvalitet, fagleg og pedagogisk
• at studentane får rettleiing og hjelp når dei treng det
• at studentane har eit godt læringsmiljø
• at dei administrative rutinane er gode
• at studentane legg ned den arbeidsinnsatsen ein kan venta av dei i studiet, og at dei tek ansvar for sin eigen studiesituasjon
• at det er ein respektfull dialog mellom studentar, lærarar og administrativt tilsette
Kvalitetssikringssystem
Eit viktig tiltak for stadig å utvikle kvaliteten på utdanningane ved NMH, er å gjennomføre studentevalueringar av undervisning, studiar og læringsmiljø. For å sikre dette arbeidet, har Musikkhøgskolen laga eit eige kvalitetssikringssystem. Du kan lese meir om kvalitetssikringssystemet her.
Læringsmiljøutval
Musikkhøgskolen har også eit Læringsmiljøutval.
Førstekonsulent Silje Marie Skeie er kvalitetskoordinator ved NMH.