Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

Ledige stillingar ved Noregs musikkhøgskole

Noregs musikkhøgskole er landets fremste musikkutdanningsinstitusjon og har ein sentral posisjon i norsk musikkliv. Skolen har utdanna mange av landets fremste musikarar, og lærarane våre er ledande innan sine fagfelt. Musikkhøgskolen utdannar musikarar, komponistar, musikkpedagogar og musikkterapeutar.

Høgskolen er eit kunstnerisk kraftsentrum i Oslo, med omfattande konsertverksemd, forsking og utviklingsarbeid. Studietilboda består av utdanning på bachelor- og masternivå, samt forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid på doktorgradsnivå. Noregs musikkhøgskole er ein vitskapeleg høgskole med 475 studieplassar. Det er om lag 140 fast tilsette, og om lag 40 av desse arbeidar i administrasjonen. Årleg budsjett er på om lag 155 millionar kroner.

For statlege verksemder er det eit mål å oppnå ei balansert samansetjing av tilsett når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.